Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Helsefagarbeidar - 80% vikariat på Natt - Ølve

Kvinnherad Kommune Heimetenester Rosendal · Kvinnherad, Vestland

VikariatDeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Kvinnherad Kommune Heimetenester Rosendal.

AI-sammendrag

Om stillingen

Kvinnherad kommune Heimetenester søkjer ein helsefagarbeidar til ei 80 % nattevaktstilling i Ølve. Dette er eit vikariat fram til 30.08.2027, med arbeid kvar 3. helg. Arbeidsstad er Ølve i Kvinnherad kommune, Vestland. Arbeidsoppgåvene inkluderer fagleg oppfølging av pasientar og brukarar i omsorgsbustadar og heimen, dokumentasjon, handtering av akutte situasjonar og tett samarbeid med kollegaer og andre faggrupper. Det krevst autorisasjon som helsefagarbeidar.

Om arbeidsgivaren

Kvinnherad kommune er ein offentleg kommunal arbeidsgjevar i Vestland fylke. Heimetenesta i Ølve er ein del av kommunens omsorgstenester og gjev hjelp til brukarar i eige heim og i omsorgsbustadar gjennom natta. Tilsette får pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP, og kommunen tilbyr fleire tilleggsfordelar som nedbetaling av studielån (25 000 kr etter eitt år), gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehage.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 23. august 2026. Tilsetjing skjer snarast. Gyldig politiattest må leggjast fram.

Om stillingen

Helsefagarbeider Nattevakt Ølve

Helsefagarbeider - 80% vikariat Nattevakt tom 30.08.2027

Heimetenesta på Ølve søkjer ny kollega på natt.

Trivst du med å arbeide om natta og ønskjer å bidra til tryggleik og gode tenester for pasientane våre? Nattevaktene i Ølve i Kvinnherad kommune søkjer no ein ny kollega til teamet vårt.

På natt gir vi tenester til brukarar i omsorgsboligar og i heimen. Det gjer at vi har ein variert arbeidskvardag og utviklar brei fagleg kompetanse. Nattevaktene samarbeider tett og er kjende for å vere løysingsorienterte og gode på samarbeid.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi støttar kvarandre og arbeider saman for å gi trygge og gode tenester gjennom natta.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg oppfølging av pasientar og brukarar
  • Bidra til tryggleik og kvalitet i tenestene gjennom natta
  • Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
  • Dokumentasjon og oppfølging av tiltak
  • Handtering av akutte og uforutsette situasjonar

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er fagleg trygg og kan arbeide sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner
  • er løysingsorientert
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • møter pasientar og pårørande med respekt og omsorg

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • 80 % vikariat stilling på natt tom 30.08.2027
  • arbeid 3. kvar helg
  • Opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
  • Eit godt fagmiljø med fokus på samarbeid og utvikling
  • Gode arbeidstilhøve
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Gode ordningar i Kvinnherad kommune

  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Etter eitt år i jobb kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Gratis SFO
  • Søskenmoderasjon i barnehage
  • Per i dag ingen eigedomsskatt på hus, hytter og næring

Praktisk informasjon

Tilsetjing snarast.

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er påkravd.

Vil du bli vår nye kollega? Send oss ein søknad – vi gler oss til å høyre frå deg.

Link til søknadsskjema: Søk her

Flere stillinger hos Kvinnherad Kommune Heimetenester Rosendal

Lignende stillinger

Fastlegevikariater i Innlandet
Dignus Medical · INNLANDET

Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.

VikariatHeltidHelse og sosial