Sjukepleiar på natt
Suldal Kommune Suldal Heimeteneste · Suldal, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Suldal heimeteneste søkjer etter 1 sjukepleiar i fast 80 % nattstilling i Heimesjukepleien. Stillinga er i turnus med langvakt kvar 4. helg, og det kan ved behov vere aktuelt med enkelte kveldsvakter. Tiltreding er så snart som mogleg, med opplæringsvakter. Arbeidsstad er Suldal kommune i Rogaland.
Hovedoppgåver er å yte omsorg, pleie og tilsyn etter vedtak, dokumentere i EPJ og bidra til forbetringsarbeid (LEAN). Som nattevakt betjenar ein både heimesjukepleien og psykisk helseteneste.
Krav: norsk autorisasjon som sjukepleiar, norskkunnskapar på minimum B2-nivå og førarkort klasse B.
Om arbeidsgivaren
Suldal heimeteneste er den største kommunale eininga i Suldal kommune og tilbyr sjukepleietenester og andre helsetenester i heimen. Eininga er organisert som underenhet til offentleg forvaltning med 106 tilsette fordelt på om lag 55 årsverk. Tenestene vert ytt til innbyggjarar i alle aldrar, heile døgnet og i heile kommunen. Kommunen nyttar nynorsk som administrasjonsspråk og tilbyr rekrutteringsbustadar for dei som ønskjer å prøvebu i Suldal.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 31. juli 2026. Det krevst godkjend politiattest ved tiltreding.
Om stillingen
Me søkjer sjukepleiar i 80 % fast stilling i Heimetenesta.
Det blir lyst ut ei 80 % nattstilling. Ved behov kan det vere aktuelt med enkelte kveldsvakter.
Suldal heimetenester er den største kommunale eininga i Suldal og består av to avdelingar - Heimesjukepleien og Psykisk helse m/ tildelingskontoret. Me er om lag 80 tilsette fordelt på omlag 55 årsverk. Me yt tenester til innbyggjarar i alder 0 - 100 år +, heile døgnet, og har tenestemottakarar i heile kommunen. Me er engasjerte og framtidsretta, og jobbar etter arbeidsmetodar som fokuserer på «Gode pasientforløp». Som nattevakt hos oss vert du del av ei viktig gruppe som skal trygge pasientar og pårørande i sårbare situasjonar, i godt og inspirerande samarbeid med dine kollegaer, inkl våre øvrige tenester i kommunen.
Om stillinga
- Stillingsstorleik: 80 %
- Stillingstype: Fast stilling
- Stillinga er i turnus med langvakt kvar 4. helg.
- Tiltreding: Så snart som mogleg (du vert gitt opplæringsvakter)
- Arbeidsoppgåver: Yte omsorg, pleie og tilsyn jf vedtak knytt til tenestemottakarane sine behov.
- Dokumentere i EPJ.
- Halde deg oppdatert med gjeldande rutinar (jf Compilo)
- Ta initiativ til/ være del av forbetringsarbeidet på arbeidsplassen (jf kommunen si satsing innan LEAN)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må beherska norsk skriftleg og munnleg (B2- nivå)
- Førarkort kl. B
- Det er ein fordel om du kjenner til CosDoc, og kjenner til hovedtankane og arbeidsmetodane knytt til «Gode pasient forløp»
- Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som har
- Evne til å sjå andre sine behov
- Klarar å jobbe i team
- Er fagleg engasjert
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er sjølvstendig
- Klarer å stå i nattarbeid som server både brukarane i heimesjukepleien og psykisk helseteneste
- Du må like å ta ansvar og ha evne til å bidra til godt arbeidsmiljø
Spørsmål om stillinga kan rettast til
- Einingsleiar Svanhild Løge Skålheim ( mob 99 36 25 23)
Hos oss i Suldal kommune får du
- Faglege og personlege utfordringar i eit arbeidsmiljø vi alltid arbeider for skal vært godt oginspirerande
- Du får engasjerte og dyktige kollegaer og gode moglegheiter til fagleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal,https://www.suldal.kommune.no/om- kommunen/bu- og- jobb- i- suldal/provebu- suldal/
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
- Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg! Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Lurøy kommune søker helsefagarbeider i 90% fast stilling ved Lovund omsorgssenter.
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til langvarig heltidsvikariat i kommunale tjenester i Finnmark.
Emploi Medic AS søker miljøterapeut på heltid til oppdrag innen migrasjonshelse i Nordland.
Hålogaland Helse og Omsorg i Narvik søker 10 miljøterapeuter/-arbeidere i faste heltidsstillinger, samt tilkallingsvikarer.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.