Reinhaldsmedarbeider/Ressursteam
Reinhald, Time Kommune, Samfunn Og Kultur · Time, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Time kommune søkjer ein reinhaldsmedarbeidar til reinhaldstenesta sitt ressursteam, ei fast stilling på heltid (100 %). Arbeidet omfattar dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg, utvask av kommunale bustader, samt å dekka opp ved fråvær på ulike lokasjonar i kommunen. Medarbeidaren vil også bidra i vaskeriet ved behov og bruka robotiserte reinhaldsløysingar som del av tenesta. Arbeidstid er frå kl. 06:00 til 13:30, og arbeidsstaden er varierande innanfor kommunen, med base på Arne Garborgs veg 30 i Bryne. Førarkort klasse B er eit krav, og gode norskkunnskapar er nødvendig. Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav — også søkjarar utan erfaring vert oppmoda til å søkja dersom dei er motiverte.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Reinhald under Samfunn og kultur i Time kommune, ei underavdeling innan offentleg administrasjon tilknytt næringsverksemd og arbeidsmarknad. Eininga har 12 tilsette og er ein del av den kommunale forvaltninga i Time kommune, Rogaland.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 26. august 2026. Søkjarar må laste opp relevante vitnemål og attestar, og eventuell utanlandsk utdanning må godkjennast av HKdir.
Annonsetekst
Vil du vera med og skapa gode og trygge innemiljø for innbyggjarane i Time kommune? Me søkjer etter ein fleksibel og løysingsorientert medarbeidar til reinhaldstenesta sitt ressursteam. Dette er ei stilling for deg som trivst med variasjon, endringar og nye utfordringar i arbeidskvardagen. Som ein del av ressursteamet vil du arbeida på ulike lokasjonar i kommunen, der arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan endra seg på kort varsel. Du vil dekka opp ved fråvær, utføra utvask av kommunale bustader og bidra der behovet er størst. Difor er det viktig at du er sjølvstendig, tilpassingsdyktig og komfortabel med ein arbeidskvardag som sjeldan er heilt lik frå dag til dag. Me ønskjer gjerne søkjarar med erfaring frå reinhald og relevant fagkompetanse. Samtidig veit me at gode medarbeidarar kjem med ulik bakgrunn. Dersom du ikkje oppfyller alle kvalifikasjonskrava, men har rett innstilling, høg arbeidsmoral og vilje til å læra, oppmodar me deg til å søkja. For den rette kandidaten vil me leggja til rette for opplæring og utvikling. Reinhaldstenesta i Time kommune nyttar moderne arbeidsmetodar og har teke i bruk robotisert reinhald som ein naturleg del av tenesta. Me ser etter medarbeidarar som er nysgjerrige på nye løysingar og som ønskjer å utvikla seg i takt med ny teknologi. Arbeidstida er frå kl. 06:00 til 13:30.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg og periodisk reinhald i kommunale bygg og bustader
- Utvask av kommunale bustader ved utflytting og klargjering for nye bebuarar
- Dekka opp ved fråvær og akutte behov innan reinhaldstenesta på ulike lokasjonar i kommunen
- Bidra i vaskeriet ved fråvær eller behov for ekstra ressursar
- Bruka robotiserte reinhaldsløysingar og anna moderne reinhaldsteknologi
- Dokumentera utført arbeid i digitale system
- Bidra til god kvalitet, orden og hygienestandard i kommunale bygg og bustader
- Utføra andre relevante oppgåver innan reinhaldstenesta ved behov
Kvalifikasjonar
Erfaring frå reinhald er ønskjeleg Fagbrev som reinhaldsoperatør er ein fordel, men ikkje eit krav Relevant erfaring kan kompensera for manglande formell kompetanse Me oppmodar også kandidatar utan erfaring til å søkja dersom dei er motiverte for å læra reinhaldsfaget og kan visa til gode personlege eigenskapar Førarkort klasse B er krav Grunnleggjande digitale ferdigheiter Interesse for og vilje til å ta i bruk ny teknologi og robotiserte reinhaldsløysingar Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Er fleksibel og trivst med ein arbeidskvardag der arbeidsoppgåver og arbeidsstad kan endra seg på kort varsel Er sjølvstendig og tek ansvar for eigne arbeidsoppgåver Er løysingsorientert og handterer endringar på ein positiv måte Har god gjennomføringsevne og evnar å prioritera når behova endrar seg Er påliteleg, strukturert og opptatt av kvalitet i arbeidet Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Er lærevillig og nysgjerrig på nye arbeidsmetodar og ny teknologi Har interesse for utvikling av reinhaldsfaget og ønskjer å bidra til kontinuerleg forbetring
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter gjeldande tariffavtale Funksjonstillegg knytt til arbeid i ressursteamet Ein variert og sjølvstendig arbeidskvardag Opplæring og moglegheit for utvikling Erfaring med moderne arbeidsmetodar og robotisert reinhald Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid og fleksibilitet Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Izabela Tostensen, Avdelingsleder, izabela.tostensen@time.kommune.no
Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 30 4340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5159381761 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 26.08.2026
Lignende stillinger
Enetak i Nittedal søker 10 salgskonsulenter innen fornybar energi, heltid og fast, med ren provisjonslønn uten fastlønn.
TotalBistand AS i Sarpsborg søker en samarbeidspartner til renholdsvirksomheten i Østfold, oppgitt som fast heltid, men med usikkert omfang.
Nikita Hair i Tromsø søker 4 frisører i faste heltidsstillinger ved sin salong på Jekta.
Økodamp Renhold søker en selvstendig renholder/teamleder i fast deltidsstilling i Akershus, med flyttevask og andre renholdsoppdrag.
Legios AS søker 10 selgere med erfaring fra bilbransjen til faste heltidsstillinger i Oslo.