CERN Staff Association søker 1 administrasjonsassistent på heltid, fast ansettelse, til barnehagen Jardin des Particules i Sveits.
Innbyggartorg og bibliotek
Øygarden Kommune Kultur Og Innbyggardialog · Øygarden, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Øygarden kommune søkjer ein kulturarbeidar i fast deltidsstilling ved Innbyggartorg og bibliotek, filial Rong. Stillinga er ledig fordi noverande kulturarbeidar går av med pensjon. Hovudarbeidsstad er Rong, med 1 dag per veke på Straume. Arbeidstida inkluderer kveldsarbeid på torsdagar og ein laurdag per månad.
Oppgåvene spenner frå publikumsrettleiing og kulturformidling til samlingsarbeid, arrangementsplanlegging og praktisk ordensarbeid i samling og lokale. Bibliotekfagleg utdanning er ønskjeleg, men interesse for kulturformidling og ordenssans vert vektlagt. Sertifikat og tilgang til bil er ein fordel.
Om arbeidsgivaren
Øygarden kommune er ein vestlandskommune i Vestland fylke. Eininga Innbyggartorg og bibliotek er organisert som underenhet til offentleg forvaltning og driv innanfor generell offentleg administrasjon. Tilbodet er desentralisert med 3 filialar i kommunen og eit lag på 12 tilsette som leverer kulturopplevingar og informasjon til innbyggjarane.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 12. juli 2026.
Om stillingen
Om avdelinga:
Vi søkjar etter deg som har lyst til å væra med på å utforma framtidas innbyggjartorg og bibliotektilbod. Liker du å væra kreativ og å halda alfabetisk orden på hyller? Veit du forskjellen på Manga og Mankell? Har du lyst til å skapa interesse og engasjement for alt frå klassisk litteratur til dataspel? Likar du å ha ein arbeidskvardag med variasjon og sjølvstende? Då har me kanskje jobben for deg.
Øygarden innbyggartorg og bibliotek treng å erstatte vår kulturarbeidar som går av med pensjon til filialen vår på Rong. Vi er eit desentralisert tilbod, lokalisert på tre stader i kommunen. Du vil vræa ein del av eit lag på 12 tilsette som saman leverer kulturopplevingar og informasjon til kommunen sine innbyggjarar.
Arbeidsoppgåver:
- Publikumsrettleiing
- Formidling
- Samlingsarbeid
- Arrangementsplanlegging og -gjennomføring
- Merking og registrering av materiale
- Halda orden i lokala og i samlinga
Kvalifikasjonar:
- Interesse for kulturformidling
- God formuleringsevne på norsk og engelsk
- Ordenssans
Ønskjeleg med:
- Bibliotekfagleg utdanning
- Erfaring frå liknande arbeid
Utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. (Dokumentasjonen medbringes på intervju.)
Eigenskapar:
- Initiativrik og allsidig
- Kreativ
- Likar å formidle
- Evne til å samarbeide med lag, foreiningar, kommunale tenester og andre frivillige organisasjonar
Anna:
Arbeidsstad er hovudsakleg på Rong, men med 1 dag i veka på Straume. Det er derfor særs fordelaktig at du har sertifikat og disponerar bil dersom du ikkje bur i nærleiken.
Stillinga vil inngå i ein fast arbeidsrytme der ein vil arbeida kveldar på Rong på torsdagar og ein laurdag i månaden på Straume.
Freistar det med ny jobb i Øygarden kommune? Søk då vel!
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar for innbyggartorg og bibliotek: Yngvild Marie Kaarbø Wiese, yngvild.wiese@oygarden.kommune.no, tlf. 47461611
Kultursjef Marian Guddal Hansen : marian.hansen@oygarden.kommune
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Øystein Torsås As i Agder søker prosjektmedarbeider til partnersøk for TaraSec, fast deltidsstilling.
Ramsalt Lab i Tromsø søker kommersiell rådgiver til anbud og salg, fast heltidsstilling med hjemmekontor.
Sør-Varanger Utvikling søker fast hubkoordinator til Øst-Finnmark Kunnskapssenter i Tana.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere til fast heltidsstilling i Hellas.