Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Helsefagarbeidar/Assistent - helgestillingar

Heimetenesta Avdeling Rauland, Vinje Kommune · Vinje, Telemark

FastDeltidOffentligHelse og sosialFrist 25.11.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Vinje kommune søker helsefagarbeidar/assistent til helgestillingar i heimetenesta på Rauland. Stillinga er fast, i deltid (13%), med arbeid kvar tredje helg, og inngår i årsturnus. Det er 1 ledig stilling, med arbeidsstad i Vinje. Arbeidsoppgåvene omfattar pleie og fagleg oppfølging av brukarar, medikamenthandtering, dokumentasjon og samarbeid med pårørande, fastlege og spesialisthelseteneste. Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar er ønska, men sjukepleiestudentar og andre med relevant erfaring kan òg vurderes.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Vinje kommune sine heimetenester ved avdeling Rauland, ei underenhet innan sykepleietjenester og andre helsetjenester i hjemmet. Verksemda er ein del av offentleg forvaltning og har 68 ansatte, noko som gjer den til ein relativt stor lokal arbeidsgjevar innan helse og omsorg. Tenesta gjev heilskaplege helse- og omsorgstenester til heimebuande og bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 30.09.2026.

Annonsetekst

På Rauland har me ledige helgestillingar kvar tredje helg, både vikariat og faste frå dags dato.

I heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du møter menneske i ulike livssituasjonar og byggjer relasjonar. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag. Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenteret, som har opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen.

Me arbeider tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine. Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.

Stillinga inngår i årsturnus.

Me har også behov for deg som kan ta vakter på anretnings-kjøkkenet vårt. Kanskje har du nyleg gått av med pensjon, og ynskjer å ta nokre vakter innimellom når me har behov?

Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utanfor arbeidstid.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg oppfylging, pleie og behandling av brukarar i heimetenesta.
  • Gjennomføre kliniske vurderingar og ta faglege avgjerder i kvardagen.
  • Medikamenthandtering og dokumentasjon i gjeldande fagsystem.
  • Samarbeid med pårørande, fastlege, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartnarar.
  • Bidra til fagleg utvikling, kvalitet og forbetringsarbeid i tenesta.
  • Vera ein aktiv medspelar i det tverrfaglege arbeidsmiljøet.
  • Rettleie og dele kunnskap med kollegaer, lærlingar, elevar og studentar ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som Helsefagarbeidar
  • Sjukepleiestudentar, elevar på vidaregåande/studentar og andre med relevant erfaring kan og bli vurdert
  • Erfaring frå pleie- og omsorgtenesta er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer
  • Førarkort klasse B

Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Du ynskjer å gjere ein positiv forskjell i kvardagen til andre.
  • Du er faglig nysgjerrig og ynskjer å utvikle deg vidare.
  • Du er trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten.
  • Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
  • Du arbeider strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert.
  • Du trivst med ansvar og tek initiativ.
  • Du møter brukarar, pårørande og kollegaer med respekt, omsorg og profesjonalitet.
  • Du har god omstillingsevne og ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av heimetenesta

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Varierte arbeidsoppgåver med stor fagleg breidde
  • God opplæring og tett fagleg oppfølging
  • Eit inkluderande, støttande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta og eigen arbeidsplass
  • Gode lønnsvilkår med lokal stige
  • God forsikrings- og pensjonsordning

Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk. I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.

Kontaktinformasjon

Bjørg Kåsa Verpe, Avdelingsleiar heimetenesta Rauland, +47 90103553

Arbeidsstad

Setali 6 3864 Rauland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5176321069 Stillingsprosent: 13% Fast Søknadsfrist: 25.11.2026

Søk på jobben
Søk senest 25.11.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Heimetenesta Avdeling Rauland, Vinje Kommune

API og MCPGET /company/988071102/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/988071102/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 3,
  "hits": [
    {
      "uuid": "049803d5-8938-4285-85ed-512ce184a3cd",
      "title": "Heimehjelp/pleieassistent - 85 % fast",
      "municipal": "VINJE",
      "application_due": "2026-11-22 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "62095c92-0267-4b7a-92dd-36121efb9d8f",
      "title": "Sjukepleiar-100% fast",
      "municipal": "VINJE",
      "application_due": "2026-11-18 00:00:00+00",
      …
    },
    …
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "988071102" })

Spør AI-assistenten

  • Hva er søknadsfristen for «Helsefagarbeidar/Assistent - helgestillingar» hos Vinje Kommune Heimetenester Avd Rauland Heimetenester?
  • Ansetter Vinje Kommune Heimetenester Avd Rauland Heimetenester flere i Vinje nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Vinje Kommune Heimetenester Avd Rauland Heimetenester i akkurat nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026
Sykepleier til sykehjem i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 1 sykepleier til heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus.

VikariatHeltidHelse og sosial
Helsefagarbeider til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 4 helsefagarbeidere til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, 1. des 2026 til 1. mars 2027.

VikariatHeltid4 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til sykehjem i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 6 sykepleiere til deltidsvikariat ved sykehjem i Vestland.

VikariatDeltid6 stillingerHelse og sosial
Heimetenesta Avdeling Rauland, Vinje Kommune
Frist 25.11.2026
Søk på stillingen →