Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Jordmor - inntil 100% mellombels

Jordmorsamarbeidet I Vest-Telemark, Vinje Kommune · Seljord, Telemark

EngasjementHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Jordmorsamarbeidet I Vest-Telemark, Vinje Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Vinje kommune søkjer jordmor i inntil 100 % mellombels stilling (engasjement) frå 01.10.2026 til 30.04.2027, med moglegheit for fast tilsetting dersom samarbeidet med Sykehuset Telemark om beredskaps- og fylgjeteneste held fram etter april 2027. Stillinga er ein kombinasjon av dagarbeid og døgnvakter, med arbeidshelg på Jordmorvakta kvar 6. veke. Arbeidsoppgåvene omfattar svangerskaps- og barselomsorg, heimebesøk, beredskaps- og fylgjeteneste, samt tverrfagleg samarbeid med helsesjukepleiarar og fastlegar. Oppmøtestad er Seljord. Det blir kravd autorisasjon som jordmor, førarkort klasse B og gode norskkunnskapar. Løn i 100 % stilling er 850 000 kr.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark, som blir drive gjennom Vinje kommune sin helseavdeling for jordmortenester. Verksemda er ei underenhet til Vinje kommune innan helsestasjons- og skolehelsetenester, med 14 tilsette. Jordmorsamarbeidet gjev tilbod om svangerskaps- og barselomsorg til fem kommunar og beredskaps- og fylgjeteneste til seks kommunar i regionen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 26.08.2026.

Annonsetekst

Vil du fylgje livets viktigaste augneblink i Vest-Telemark?

Som jordmor i Vest-Telemark får du arbeide i eit jordmorsamarbeid med stor variasjon og nærleik til kvinnene. Å arbeide som jordmor i Vest-Telemark krev at du trivst med å arbeide sjølvstendig, og i eit distrikt med store avstandar - men du får også nærleik til natur og eit godt fagmiljø!

Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark gjev tilbod om svangerskap- og barselomsorg for fem kommunar, og beredskap- og fylgjeteneste frå Jordmorvakta i Seljord til seks kommunar.

Me har ledig inntil 100 % mellombels stilling frå 01.10.2026. Det er høve for fast tilsetting dersom samarbeidet med Sykehuset Telemark helseforetak (STHF) om beredskap- og fylgjeteneste ikkje vert avslutta i april 2027. Stillinga er ein kombinasjon av arbeid på dagtid og døgnvakter, og består av svangerskaps- og barseloppfylging på helsestasjon og beredskap- og fylgeteneste. Oppmøtestad er Seljord. Det er høve til å tilpasse dagar for helsestasjonsarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre svangerskapskonsultasjonar i tråd med nasjonale retningsliner, inkludert samtaler, undersøkingar og vurderingar
  • Førebuande kurs og individuelle samtaler om amming, fødsel og barseltid
  • Utføre heimebesøk og etterkontrollar med fokus på både mor og barn si helse og trivsel
  • Fylgjeteneste og beredskap på Jordmorvakta i Seljord
  • Dokumentere i elektronisk pasientjournal og samarbeide tett med helsesjukepleiarar, fastlegar og andre relevante fagpersonar
  • Delta i fagmøte og bidra til kontinuerleg fagutvikling i jordmorsamarbeidet

Kvalifikasjonar

  • Autorisert jordmor
  • Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå fødeavdeling
  • Det er ynskjeleg at du har arbeidserfaring frå svangerskaps- og barselomsorg
  • Det er ein fordel om du har kompetanse innan kvinnehelse

Personlege eigenskapar

  • Du har eit sterkt engasjement for å gje gravide, fødande, barselkvinner og deira familiar tryggleik og støtte gjennom heile forløpet
  • Du held deg fagleg oppdatert, og nyttar kunnskap aktivt i di yrkesutøving
  • Du bidreg i tverrfagleg samarbeid med relevante samarbeidspartnarar
  • Du bidreg til eit positivt og støttande arbeidsmiljø
  • Du er løysingsorientert og har evne til å tilpasse deg ulike situasjonar
  • Du tek ansvar for eigne oppgåver, planlegg arbeidet godt og har evne til prioritere

Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Du blir ein del av eit fagleg sterkt jordmorsamarbeid med faste fagmøte
  • Du får relevant opplæring ved oppstart, og fagleg støtte undervegs
  • Løn i 100 % stilling: 850 000 kr
  • Vi har kalenderplan med arbeidshelg på Jordmorvakta kvar 6. veke
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Godkjend politiattest må framvisast før tilsetjing
  • Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk
  • I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, sjå lånekassa for meir informasjon.

Kontaktinformasjon

Helene Mølster Byggland, Avdelingsleiar jordmorstenesta, 40907794, helene.molster@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Jakob Naadlands veg 3840 Seljord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune Referansenr.: 5164027134 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 30.04.2027 Søknadsfrist: 26.08.2026

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Akershus
Konstali Helsenor AS · AKERSHUS

Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 1 sykepleier til heltidsvikariat ved sykehjem i Akershus.

VikariatHeltidHelse og sosial
Helsefagarbeider til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 4 helsefagarbeidere til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, 1. des 2026 til 1. mars 2027.

VikariatHeltid4 stillingerHelse og sosial
Sykepleier til sykehjem i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 6 sykepleiere til deltidsvikariat ved sykehjem i Vestland.

VikariatDeltid6 stillingerHelse og sosial