Nattevakt, bu og miljø Balestrand – eining Eplehagen
Sogndal Kommune Bu- Og Miljøtenesta Balestrand · Sogndal, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Eplehagen i Bu- og miljøtenesta Balestrand lyser ut 1 vikariat som nattevakt (65 % stilling) for miljøterapeut, miljøarbeidar eller assistent. Vikariatet varer fram til 15.08.2027. Arbeidsstedet er i Sogndal kommune, Vestland. Sentrale oppgåver er målretta miljøarbeid, nødvendig helsehjelp, journalføring og oppfølging av vedtak etter HOL kapittel 9. Ønskeleg med utdanning innanfor helse-, sosial- eller pedagogiske fag, og erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne er ein fordel.
Om arbeidsgiveren
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta yter tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne, inkludert personleg assistanse, opplæring i dagleglivet og tilrettelagde bustadar. Eininga er registrert under bransjen for allmennlegetenester og er ein del av kommunal forvalting med 8 tilsette.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 12. juli 2026.
Annonsetekst
Ynskjer du ein meiningsfull jobb som nattevakt i eit fagleg sterkt miljø? Då håpar me du søkjer hjå oss. Vi yter tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod. Eplehagen har ledig vikariat som nattevakt i 65% stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar/assistent. Vikariatet har varigheit fram til 15.08.27. Sentrale ansvarsområde:
- Målretta miljøarbeid
- Ivareta nødvendig helsehjelp
- Journalføring
- Oppfølging av vedtak etter HOL kap. 9
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar:
- Ynskjeleg med 3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule eller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag
- Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming
- Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring
- Beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- Omsorgsfull
- Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørande
- God lagspelar
- Trygg på deg sjølv og eiga rolle
- Løysingsorientert og fleksibel
- Glad i å skape gode resultat saman med andre
Spesielle vilkår for stillinga: Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato
- Politiattest av ny dato
Me tilbyr:
- God opplæring og støtte
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.