Hopp til innhold
Slik bruker sokfirma.no AI.Les artikkelen

Barne- og ungdomsarbeider

Hauge Oppvekst, Bremanger Kommune · Bremanger, Vestland

VikariatHeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Hauge Oppvekst, Bremanger Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Hauge oppvekst søker vikar i 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Hauge skule, ein barne- og ungdomsskule med 94 elevar. Stillinga inneber å vere ein trygg vaksen i barna sin skulekvardag og på SFO, handtere utfordrande situasjonar profesjonelt og samarbeide tett med kollegaer og fagpersonar. Krav er godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, gode norskkunnskapar og skriftlege/munnlege framstillingsevner, men søkjarar med anna relevant erfaring eller kompetanse blir også oppmoda om å søkje. Arbeidsstad er Bjørsvika i Bremanger kommune.

Om arbeidsgjevaren

Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter i Bremanger kommune som omfattar Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule. Arbeidsgjevaren jobbar etter PALS-modellen, med fokus på trygt miljø, felles reglar, god klasseleiing, inkludering og psykisk helse. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr dei mellom anna pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP, hjelp til bustad og barnehageplass, samt rekrutterings- og bustadtilskot for nytilsette som flyttar til kommunen.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 17.08.2026.

Om stillingen

Hauge oppvekst har ledig eit 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar på Hauge skule. Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter som består av Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule som er ein barne- og ungdomsskule med 94 elevar. Vi er eit oppvekstsenter som jobbar etter PALS-modellen. Dette er med på å gjere oss gode i arbeidet med å skape eit trygt miljø for barn i barnehagen og elevar i skulen. Vi jobbar systematisk med felles reglar, ros og god klasseleiing. Inkluderande barnehage- og skulemiljø , psykisk helse og godt samarbeid med heimen er sentrale tema hos oss.

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein trygg vaksen i barna sin skulekvardag og på SFO
  • Handtere utfordrane situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
  • Samarbeide tett med kollegaer og fagpersonar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeider Andre med relevant erfaring eller kompetanse blir også oppmoda om å søkje.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Gode norsk-kunnskaper

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt

Hos oss får du

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.

Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du:

  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
  • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
  • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Kontaktinformasjon

Kåre Magne Moe, Driftssjef, +47 95982948

Arbeidsstad

Bjørsvika 1 6727 Bremanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5160529486 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 17.08.2026

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning