Hopp til innhold
Nyttsokfirma i Claude og ChatGPTLes mer →

Me ynskjer deg!

Voss Herad Gjernes Skule · Voss, Vestland

VikariatHeltidOffentligUtdanningFrist 27.11.2026

Annonsetekst

Gjernes skule søkjer vikariat som fagarbeidar/assistent frå 03.01.2027. Som fagarbeidar/assistent i skule og SFO er du "limet" i kvardagen for elevane. Stillinga er knytt til arbeid på småskulesteget og i SFO, så du vil følgje elevane gjennom heile dagen. Du hjelper med oppgåver, du er med på stikkball, du sett plaster på albogen, du trøyster når livet går i mot. Du er varm, kan setje grenser og likar deg i lag med elevar!

Om arbeidsstaden:

Gjernes skule, ein skule der me er viktige for kvarandre! Me er 152 kjekke elevar og 25 vaksne som saman lagar skulen fin!

Me tilbyr:

  • Trivsel på arbeidsplassen!
  • Meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • stillingsstorleik 80% i stilling som følg skuleruta, etter SFS 2201 pkt. 3.5.

Kvalifikasjonar:

  • Fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Anna relevant utdanning/erfaring blir vurdert
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er eit pluss
  • Søkjarar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Me ynskjer deg som:

  • er motivert for stillinga og er eigna for jobben
  • som har evne til å skapa gode relasjonar til elevane
  • er god på samarbeid
  • ynskjer å ta ansvar
  • er ein tydeleg vaksen

Arbeidsoppgåver:

  • oppfylging av borna i undervisning, aktivitet og leik både i skule og SFO
  • vera med på å oppretthalda og utvikla eit trygt og godt skulemiljø, både i undervisningstid og i friminutta
  • samarbeida med pedagogisk personale og andre fagarbeidarar/ miljørettleiarar om undervisningsopplegg som skulen og lærarar har utarbeidd for elevane
  • hjelpa til med daglege gjeremål, oppmuntra, snakka med, rettleia, støtta og motivera elevane
  • hjelpa elevar med funksjonshemming og lærevanskar slik at skulekvardagen i klasserom, symjing, kroppsøving, garderobe og friminutt blir best mogleg
  • Vere ein omsorgsfull rollemodell

Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

Link til søknadsskjema: Søk her

Søk på jobben
Søk senest 27.11.2026
Søk på stillingen →
API og MCPGET /company/975281876/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/975281876/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 1,
  "hits": [
    {
      "uuid": "bc659bb2-de43-475e-af45-e9481533e246",
      "title": "Me ynskjer deg! ",
      "municipal": "VOSS",
      "application_due": "2026-11-27 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "975281876" })

Spør AI-assistenten

  • Ansetter Gjernes Skule flere i Voss nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Gjernes Skule ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «Me ynskjer deg! » hos Gjernes Skule?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Undervisningsstilling i spansk
Akershus fylkeskommune, Hvam videregående skole · AKERSHUS

Hvam videregående skole i Nes søker spansklærer i ca. 50 % vikariat fra januar til juni 2027.

VikariatDeltidUtdanning
Vikariat i engelsk og samfunnskunnskap
OPK-VV - Voss vgs, Vestland fylkeskommune · VOSS, VESTLAND

Voss vidaregåande skule søker vikar i engelsk og samfunnskunnskap, 44 % deltid, 23.11–22.12.2026, i Voss.

VikariatDeltidUtdanning
Frist 22.11.2026
Voss Herad Gjernes Skule
Frist 27.11.2026
Søk på stillingen →