Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Ungdomsarbeidar på ungdomsklubbane

Luster Kommune Folkehelse · Luster, Vestland

ProsjektDeltid2 stillingerOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Luster Kommune Folkehelse.

AI-sammendrag

Om stillingen

Luster kommune Folkehelse søkjer 2 engasjerte og trygge vaksne til deltidsstillingar ved ungdomsklubbane i Luster (Hafslo og Gaupne). Stillingane er organisert som prosjekt. Arbeidsoppgåvene omfattar å skape eit trygt og inkluderande miljø, byggje relasjonar til ungdom, bidra med matlaging, og delta i planlegging og gjennomføring av aktivitetar. Arbeidstida er lagt til ettermiddag og kveld, 1–2 kveldar i veka. Krav til søkjarar er fylte 20 år, førarkort klasse B og interesse for ungdomsarbeid; erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav. Arbeidsstad er Luster kommune, Vestland.

Om arbeidsgjevaren

Stillingane er knytte til Luster kommune, Folkehelse, som er ein del av den kommunale organisasjonen. Tilsette får kommunale tilsetjingsvilkår, med pensjons- og forsikringsordningar, samt løn etter gjeldande lønstabell og ansiennitet. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 13.09.2026. Søknadar må sendast innan fristen via kommunen sitt rekrutteringssystem.

Om stillingen

Vil du vere med og skape ein trygg og inkluderande møteplass for ungdom?

Me søkjer fleire engasjerte og trygge vaksne til deltidsstillingar ved ungdomsklubbane i Luster (Hafslo og Gaupne). Klubben er ein viktig sosial arena for ungdom, der dei kan møtast, delta i aktivitetar og vere seg sjølve i eit rusfritt og positivt miljø.

Me ønskjer søkjarar med ulik bakgrunn og erfaring velkomne, og personlege eigenskapar vil bli lagt stor vekt på.

Arbeidsoppgåver

  • Vere til stades og bidra til eit trygt og inkluderande miljø
  • Byggje gode relasjonar til ungdom
  • Hjelpe til med matlaging
  • Delta i og bidra til planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Samarbeide med kollegaer og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Fylt 20 år
  • Førarkort klasse B
  • Interesse for ungdomsarbeid
  • Gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Har du ein hobby innan kultur, musikk, handverk eller gaming, eller likar å setje i gang aktivitetar, er dette positivt

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull deltidsjobb
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ungdomstilbodet
  • Arbeidstid på ettermiddag og kveld, 1–2 kveldar i veka
  • Rask oppstart
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande lønstabell, ansiennitet og avtaleverk

Andre opplysningar

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her

Flere stillinger hos Luster Kommune Folkehelse

Lignende stillinger

Fastlegevikariater i Innlandet
Dignus Medical · INNLANDET

Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.

VikariatHeltidHelse og sosial