Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Knappskog skule
Øygarden Kommune Knappskog Skule · Øygarden, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Knappskog skule søkjer ein SFO-leiar i 100 % fast stilling med oppstart 12. oktober 2026. Stillinga er delt mellom administrativt leiararbeid og praktisk arbeid saman med elevane, inkludert i feriar. Sentrale oppgåver er dagleg drift og utvikling av SFO i tråd med nasjonal rammeplan, pedagogisk utviklingsarbeid, personaloppfølging i samarbeid med rektor, budsjettansvar og deltaking i skulens leiarteam og BTI-team. Arbeidsstad er Øygarden kommune i Vestland.
Om arbeidsgivaren
Knappskog skule SFO er ein undereinings av Øygarden kommune og høyrer til bransjen dagaktivitetstilbod for barn. Eininga har 22 tilsette. Som kommunal skule inngår verksemda i Øygarden kommunes breie tenestetilbod, der mangfald og inkludering er uttrykte verdiar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 1. august 2026.
Om stillingen
Knappskog skule har ledig ei 100 % fast stilling som SFO-leiar frå 12. oktober 2026. Stillinga er delt mellom leiing og arbeid med elevane på SFO.
Vi søkjer ein tydeleg og engasjert SFO-leiar som vil bidra aktivt i utviklinga av skulen – både fagleg og organisatorisk.
Som SFO-leiar vil du mellom anna:
- følgja opp og driva SFO i det daglege
- utvikla SFO i tråd med nasjonal rammeplan
- leda pedagogisk utviklingsarbeid og bidra i utviklinga av heile skulen
- delta i det daglege arbeidet i SFO som del av grunnbemanninga, også i feriar
- rettleia tilsette og lærlingar
- vera synleg og til stades, og ha tett dialog med barn, føresette og kollegaer
- bidra aktivt i leiarteamet, i administrasjonsgruppa og i BTI-teamet (Betre tverrfagleg innsats)
- følgja opp tilsette i samarbeid med rektor
- følgja opp budsjettet i samarbeid med rektor
Kvalifikasjonar
Må-krav
- godkjend pedagogisk utdanning (lærar eller barnehagelærar)
- evne til å handtera travle dagar og periodar med høgt arbeidspress
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
Ønskjelege kvalifikasjonar
- erfaring som SFO-leiar eller leiarutdanning
- kjennskap til digitale system som vert nytta i Øygarden kommune
- erfaring frå SFO og kunnskap om nasjonale føringar og rammeplan
- erfaring med psykososialt og spesialpedagogisk arbeid
Vi ønskjer ein SFO-leiar som:
- ser dei tilsette som den viktigaste ressursen
- byggjer gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette
- bidreg til eit godt arbeids- og læringsmiljø
- samarbeider godt, lyttar og rettleier
- er løysingsorientert og fleksibel
- arbeider strukturert, tek ansvar og jobbar sjølvstendig
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Rektor: Solfrid Kleiven ???? 926 61 232 ✉️ [email protected]
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Sørnorsk Jazzsenter søker produsent i 10% engasjement for å planlegge ungdomsstorbandets 30-årsjubileum i 2027.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.
Norlandia barnehagene i Øygarden søker tilkallingsvikar på heltid til fire barnehager i Øygarden kommune.