Sjukepleiar - 100% fast Lindås heimeteneste
Alver Kommune · Alver, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Alver kommune søker sjukepleiar til 2 faste 100%-stillingar ved Lindås heimeteneste. Turnusen er todelt årsturnus med både ordinære vakter og langvakter. Arbeidsstad er ALVER kommune.
Oppgåvene omfattar sjukepleiefaglege prosedyrar, medikamenthandtering, såroppfølging, rettleiing av kollegaer og studentar, samt oppfølging av brukarar med komplekse sjukdomsbilete i eigen heim. Stillinga inngår i primærkontakt-modellen, i samarbeid med vernepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Krav til søkjar er autorisasjon som sjukepleiar, førarkort klasse B og gode norskkunnskapar. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til NAV Alver kommune, ei underining innan sosialkontortenester, organisert som underenhet til næringsdrivande og offentleg forvaltning. Verksemda har 59 tilsette og er ein del av den kommunale helse- og omsorgstenesta i Alver, med heimeteneste delt inn i seks geografiske område.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 7. september 2026.
Annonsetekst
Om avdelinga
Heimetenesta i Alver er delt inn i 6 geografiske områder der Lindås heimeteneste er lokalisert sentralt på Lindås. Avdelinga har driftskoordinator, sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar.
Våre engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar har fokus på fagleg utvikling. For tida er vi i gang med eit prosjekt om etisk refleksjon og oppfølging av kollegaer i møte med palliative brukarar. Målet med prosjektet er å styrke kompetansen til alle tilsette ved Lindås heimeteneste, og det blir gjennomført regelmessige faglege foredrag med eksterne foredragshaldarar, og etisk refleksjon i gruppe. Prosjektet har fått støtte frå statsforvalter.
Vi har stor fokus på fagutvikling, og har årshjul med kurs for tilsette, og gjennomfører internundervising og undervisning i samarbeid med andre tenester utfrå årshjulet til avdelinga.
Om stillinga
Lindås heimeteneste har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Avdelinga har årsturnus, og sjukepleiarane hos oss arbeider både ordinære og langvakter i turnus. Turnusen er todelt.
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, og våre sjukepleiarar arbeider sjølvstendig, og i samarbeid med andre sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar/ hjelpepleiarar og assistentar. Vi samarbeider med legekontor, fysioterapeut, ergoterapeut, og andre kommunale tenester. Vi følger primærkontakt - modellen, og sjukepleiarane hos oss følger opp sine brukarar saman med helsefagarbeidar og assistent.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar ved Lindås heimeteneste har du oppgåver som:
- Sjukepleierfaglege prosedyrer
- Medikamenthåndtering
- Såroppfølging
- Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
- Observasjon og vurdering av brukarar med komplekse sjukdomsbilete
- Heilskapleg pleie og omsorg til brukarar i ulike livsfasar
- Samarbeid med brukarar, pårørande og interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Journalføring i Profil
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2– test
Kven er du?
Vi ser etter deg som er engasjert for brukere og faglege gode tenester. Du kan prioritera og håndtere oppgåver utfrå faglege vurderingar. Du trivst både med å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer. For oss er det viktig med eit godt arbeidsmiljø og arbeidsglede i kvardagen og vi ser etter deg som ynskjer å bidra sammen med dine kollager til dette. Vi gir tenester over eit stort geografisk område, dette gjør at våre medarbeidere må være løsningsorientert og fleksibel i kvardagen.
Vi er opptatt av å bruke hverandres styrker, og ønsker gjerne deg som har ett fagområde du brenner for og vil være med å dele dine kunnskaper med dine kollegaer.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt før tilsetting
Vi tilbyr
- Fagleg engasjerte kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus med muligheter for langvakter
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000 over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier i heltidsvikariat ved sykehjem i Finnmark, fra 9. november 2026 til 17. januar 2027.
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 371 ansatte, søker 3 helsefagarbeidere i Lofoten, heltid vikariat med oppstart 20. november.