WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Sjukepleiar
Gulen Kommune · Gulen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Gulen kommune lyser ut to sjukepleiarstillingar ved Sone BBD (Brekke, Byrknes og Dalsøyra), som kan kombinerast: eit vikariat på inntil 50 % med varigheit til 31.01.2027, og ei fast stilling på inntil 33 %. Begge er knytt til turnus på Dalsøyra med ordinære kvardagsvakter – vikariatet har i utgangspunktet ikkje helgevakter. Stillingane inngår i heimetenesta og omfattar sjukepleiefagleg ansvar, pleie og oppfølging av brukarar, samt samarbeid med andre faggrupper og spesialisthelsetenesta.
Krav til søkjar er autorisasjon som sjukepleiar, gode norskkunnskapar, gyldig politiattest og førarkort klasse B. Tenestespråket er nynorsk.
Om arbeidsgiveren
Gulen kommune er ein vestlandskommune i Vestland fylke. Eininga som lyser ut stillinga er registrert med 5 tilsette og tilhøyrer bransjen offentleg administrasjon knytt til helse og sosial verksemd. Sone BBD har eit tverrfagleg team av assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar, og kommunen vektlegg godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling. Det vert tilbydd ekstra helgekompensasjon for gjennomførte vakter, samt gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 16. august 2026.
Om stillingen
Om stillingane
Gulen kommune, for tida ved sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) har ledig:
- I inntil 50% vikariat som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale til 31.01.2027. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra, med ordinære vakter i vekedagane. I utgangspunktet er det ikkje helg knytt til dette vikariatet.
- I inntil 33% fast stilling som sjukepleiar ved sone BBD frå etter avtale. Denne stillinga er for tida knytt til turnus på Dalsøyra. Ordinære vakter.
Dersom ein ynskjer kan desse stillingane/delar av stillingane kombinerast med kvarandre.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Me tilbyr
- Ekstra helgekompensasjon for gjennomført vakt
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø og ei spanande teneste i utvikling
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Lignende stillinger
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.
Emploi Medic AS søker 4 miljøterapeuter på heltid til forsterket bo- og omsorgstilbud i Finnmark, engasjement med medleverturnus.