Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Jordmor - fast 40 % stilling

Austrheim Kommune · Austrheim, Vestland

FastDeltidOffentligHelse og sosialFrist 21.12.2026

Annonsetekst

Om stillinga

Vi har ledig stilling som jordmor frå 1. mars 2027. Her får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du får vere med på å skape tryggleik og gode opplevingar for gravide og småbarnsfamiliar.

Jordmortenesta i Austrheim kommune tilbyr heilskapleg svangerskaps- og barselomsorg, med vekt på kvalitet, tryggleik og individuelt tilpassa oppfølging. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø med tett samarbeid mellom helsestasjon, fastlegar og andre relevante tenester.

Austrheim kommune samarbeider med Fedje kommune om jordmortenester. Ein del av stillinga vil difor vere knytt til Fedje kommune, der du får høve til å følgje opp gravide og deira familiar.

Stillinga har dagarbeidstid, med ei ordinær arbeidstid på 37,5 timar per veke i full stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Svangerskapsomsorg og oppfølging av gravide i tråd med gjeldande nasjonale faglege retningslinjer.
  • Barselomsorg med oppfølging av mor og barn dei første 5–7 dagane etter fødselen.
  • Ammestøtte, rettleiing og rådgjeving.
  • Planlegging og gjennomføring av fødselsførebuande kurs for gravide og partnarane deira.
  • Tett tverrfagleg samarbeid med helsesjukepleiarar, fastlegar og andre relevante tenester, både internt og eksternt.

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som jordmor.
  • Førarkort klasse B.
  • Du må disponere eigen bil som kan nyttast i tenesta.I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5- 4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Kven ser vi etter?

Vi ser etter ei fagleg engasjert jordmor som er oppteken av høg kvalitet i tenesta, som arbeider sjølvstendig og strukturert og som trivst med tverrfagleg samarbeid. Du har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter, er ein god lagspelar og har evne til å planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver. Du er fleksibel, løysingsorientert og utviklingsorientert, og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Det er ein fordel om du har relevant erfaring som jordmor frå føde- og barselavdeling og/eller svangerskapsomsorg.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte tilsette, høgt fagleg nivå og tydeleg brukarfokus
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • God offentleg tenestepensjon gjennom KLP
  • Løn etter avtale

Heim til Austrheim

Vi bygger framtida i opne landskap med eit ope sinn. Her får du moglegheita til å jobbe i eit inspirerande miljø, omkransa av natur og engasjerte kollegaer. Bli ein del av eit fellesskap som verdset trivsel, samarbeid og utvikling - både for innbyggjarane og for deg som arbeidstakar.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Austrheim.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=cAPEqSQlYUg

Søk på jobben
Søk senest 21.12.2026
Søk på stillingen →
API og MCPGET /company/987550600/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/987550600/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 1,
  "hits": [
    {
      "uuid": "b6cbf875-eaed-4a42-abfe-bb8724fd2061",
      "title": "Jordmor - fast 40 % stilling",
      "municipal": "AUSTRHEIM",
      "application_due": "2026-12-21 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "987550600" })

Spør AI-assistenten

  • Hva er søknadsfristen for «Jordmor - fast 40 % stilling» hos Austrheim Kommune Fritidsklubb?
  • Ansetter Austrheim Kommune Fritidsklubb flere i Austrheim nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Austrheim Kommune Fritidsklubb ut nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026
Austrheim Kommune
Frist 21.12.2026
Søk på stillingen →