Hopp til innhold
Følg sokfirma.no på LinkedIn.Følg oss

Helsefagarbeidar 100%

Åheim, Tokke Kommune · Tokke, Telemark

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 16.8.2026

AI-sammendrag

Om stillingen

Åheim bufellesskap i Tokke kommune søker én fast helsefagarbeidar i 100 % stilling. Bufellesskapet yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar, og arbeidsoppgåvene omfattar praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing, dokumentasjon i journalsystem samt samarbeid med pårørande og andre instansar. Stillinga inneber årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4. helg. Arbeidsstad er Dalen i Tokke kommune.

Om arbeidsgivaren

Åheim bufellesskap er ein del av Tokke kommune, ein offentleg kommune i Telemark. Tokke kommune oppfordrar kvalifiserte søkjarar uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller bakgrunn til å søkje. Kommunen tilbyr gode pensjonsordningar gjennom KLP og løn etter avtale.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 16. august 2026. Det krevst politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader ved tilbod om stilling.

Om stillingen

Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre. Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda.

Arbeidsoppgåver

- Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak - Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar - Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler - Følge opp planer, tiltak og IP - Dokumentere i journalsystem - Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre innstansar

Kvalifikasjonar

- Offentleg godkjent helsefagarbeidar - Gode norskferdighetar, snakke, forstå og skrive norsk - Serviceinnstilt og fleksibel - Evne til samarbeid og ha fokus på løysingar - Bidra til innovasjon og utvikling innan helse og omsorg - Bidra til at eininga når sine målsettingar - Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

- Positiv som bidreg til eit godt arbeidsmiljø - Har samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skaper tryggleik og gode relasjonar - Fleksibel og løysningsorientert - Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert - Kan ivareta menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv - Stabil arbeidstakar med god arbeidsmoral

Vi tilbyr

- Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer - Spanande og variert arbeidskvardag , med interessante arbeidsoppgåver - God opplæring - Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling - Gode kommunale arbeidsvilkår - Løn etter avtale - Gode pensjonsordningar i KLP - Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad!

Andre opplysningar:

- Stillinga inneber arbeid i årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4.helg. Om du ynskjer ekstra helger i årsturnus vert dette kompansert med 1500,- pr vakt. Bilkøyring på tilrettelagt arbeidsplass og køyring av tenestemottakar til aktivitetar er ein del av arbeidsoppgåvene. - Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. - Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak.

Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Kontaktinformasjon

May Anette Brattestå Sollie, Avdelingsleiar, +47 48297251

Arbeidsstad

Ivirovegen 13 3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 4969124535 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026

Søk på jobben
Søk senest 16.8.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Dental Hygienists – Build Your Future in Denmark
Plant Supervision Denmark ApS

Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.

FastHeltid10 stillingerHelse og sosial
Frist 2.9.2026
Miljøterapeut
Emploi Medic As · NORDLAND

Emploi Medic AS søker miljøterapeut til heltidsengasjement innen migrasjonshelse i Nordland, med dekket bolig og reise.

EngasjementHeltidHelse og sosial