Nes videregående skole i Akershus søker vikarlærer (60 %) i engelsk og historie fra 7. september til 31. desember 2026.
Kjøkkenassistent i Beito barnehage
Øystre Slidre Kommune · Øystre Slidre, Innlandet
AI-sammendrag
Om stillingen
Beito barnehage søkjer ein kjøkkenassistent i 24% engasjement, med arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka ved lunsjtid. Stillinga gjeld frå oppstart til og med 10.08.2027 og inngår i eit tilskott til «toppa bemanning» i barnehagen. Arbeidsoppgåvene er å planlegge og tilbrede enkle måltid, i hovudsak lunsj, samt vaske og rydde opp etter måltid. Det stillast ingen formelle utdanningskrav, men ein ønskjer interesse for matlaging og for å jobbe med barn. Grunnleggande norskkunnskapar er nødvendig, og det krevst politiattest etter barnehagelova §30. Arbeidsstad er Beito barnehage i Øystre Slidre kommune, som blei bygd i 2005 og har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar.
Om arbeidsgiveren
Stillinga lyses ut av Øystre Slidre kommune. Den registrerte selskapsinformasjonen gjeld derimot ei underenhet, Øystre Slidre kommune Vassverk, som driv med uttak, rensing og distribusjon av vatn og har 11 ansatte. Dette er ei offentleg forvaltningseining, og barnehagedrifta inngår i den breiare kommunale verksemda.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 6. september 2026.
Om stillingen
Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokalar utforma med større og mindre rom. Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar.
Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen.
Øystre Slidre kommune har fått tilskott til "toppa bemanning" i barnehagen, og vi ønskjer å bruke tilskottet til å tilsetje ein kjøkkenassistent for barnehageåret 2026/2027.
Stillinga er ledig frå dags dato og varer til og med 10.08.27. Stillinga er på 24% og har arbeidstid 3 timar 3 dagar i veka. Arbeidstida er ved lunsjtid.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og tilbrede enkle måltid, i hovudsak lunsj
- Vaske og rydde opp etter måltid
- Andre oppgåver kan vere aktuelle, med bakgrunn i erfaring og kompetanse til den som blir tilsett
Kvalifikasjonar
- Vi stiller ingen formelle utdanningskrav, og vi søkjer deg som har interesse for matlaging, kan lage enkle måltid og har interesse for å jobbe med barn
- Om du har vore utanfor arbeidslivet ei periode, er du velkommen til å søke
- Du må ha grunnleggande norskkunnskapar og forstå beskjedar som blir gitt
- Det er krav om politiattest etter barnehagelova §30
- Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar i tilsettinga
Personlege eigenskapar
- Kunne samarbeide med og skape gode relasjonar til barn og vaksne i barnehagen
- Vere påliteleg og pliktoppfyllande
- Vere fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver
- Ha humor og glede i arbeidskvardagen
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du er ønska i stillinga
- Lønn etter kommunal tariff
Kontaktinformasjon
Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, +47 99500955
Arbeidsstad
Øyangsvegen 11 2952 Beito
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune Referansenr.: 5164641809 Stillingsprosent: 24% Engasjement Søknadsfrist: 06.09.2026
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker vikar i norsk, 70 % deltid, fra 7. september til 31. desember 2026.
Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.