Universitetet i Bergen lyser ut 1 heltids PhD-stilling (åremål) i digital endokrinologi ved University of Athens, Hellas.
Barne- og ungdomsarbeidar på Flatraket
Flatraket Barnehage, Stad Kommune · Stad, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Flatraket barnehage søker barne- og ungdomsarbeidar til 2 stillingar på deltid. Den eine er ei fast stilling på 60 %, den andre eit vikariat på 40 % til og med 14.08.2027. Oppstart er snarast råd, og arbeidsstaden er Flatraket i Stad kommune.
Hovudoppgåvene er å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø, følgje opp barna daglig og leggje til rette for leik som gir læring og utvikling. Samarbeid med kollegaer og føresette er ein viktig del av jobben.
Det vert venta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Ufaglærte med praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan også bli vurderte. Gode norskkunnskapar, evne til å jobbe sjølvstendig og evne til å handtere ei større barnegruppe er viktig. Politiattest må leggjast fram før start, og det er seks månader prøvetid.
Som tilbod nemnast gode pensjons- og forsikringsordningar, løn etter avtaleverket, og moglegheit for sletting av delar av studielånet for dei som er busette i Stad kommune i minst eitt år.
Om arbeidsgiveren
Flatraket barnehage er ei offentleg verksemd i Stad kommune, registrert som underenhet innan førskoleundervisning og drift av barnehagar. Registeret oppgir 13 tilsette. Annonsen opplyser at barnehagen har 14 born og 6 tilsette, og ligg sentralt på Flatraket nær skule, butikk og natur, med eigen liten grønsakshage. Barnehagen samarbeider tett med skulen, særleg siste året før skulestart. Det er ikkje oppgitt omsetning eller resultat.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 25.10.2026. Arbeidsattestar og vitnemål må lastast opp saman med søknaden.
Om stillingen
Flatraket barnehage har ledig stillling som barne- og ungdomsarbeidar: 60 % fast stilling, samt 40 % vikariat t.o.m. 14.08.2027. Oppstart snarast råd.
Barnehagen ligg sentralt på Flatraket med gangavstand til skule, butikk, industri, gard, fotballbane og ein nydeleg natur med både skog og fjøre. Vi har og ein eigen liten grønsakshage ved siden av barnehagen. Barnehagen har eit nært samarbeid med skulen, særskilt siste året før barnet byrjar på skulen. Det er 14 born og 6 tilsette i barnehagen.
Målet vårt er å saman med foreldra gi barna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Dagleg oppfølging av barna
- Legge til rette for leik som gir læring og utvikling for barna
- Delta og bidra i samarbeid med kollegaer og føresette
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Ufaglærte med praksis og motivasjon til å ta fagbrev kan bli vurderte
Personlege eigenskapar
- Du har gode evner til kommunikasjon på norsk, munnleg og skriftleg
- Du tek initiativ og har gode evner til samarbeid og du kan jobbe sjølvstendig
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du har evne til å handtere ei større barnegruppe
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere med menneske med ulik kulturell bakgrunn, ulike livssyn og ulik sosial bakgrunn
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Godt arbeidsmiljø med fagleg dyktige medarbeidarar
- Godt og nært fagleg samarbeid
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt.
Søkjarar må laste opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga. Stad kommune har seks månader prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Helena Fure, Styrar Flatraket barnehage, 91187136, helena.fure@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Fv618 220 6717 Flatraket
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune Referansenr.: 5193128810 Stillingsprosent: 60, 40% Fast, Vikar Søknadsfrist: 25.10.2026
Lignende stillinger
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.