Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Ledig pedagogstilling
Oppvekst, Gloppen Kommune · Gloppen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Gloppen kommune lyser ut 1 fast heltidsstilling som barnehagelærar i Bakkelidgrenda barnehage på Vereide i Gloppen kommune. Stillingen inngår i Oppvekst-sektoren og har ynskjeleg oppstart seinast 1. september 2026. Barnehagelæraren har ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet, og skal bidra til leik, læring og eit inkluderande fellesskap. Kompetanse innan migrasjon, spesialpedagogikk eller rettleiing er ynskjeleg, og kjennskap til Trygghetssirkelen (COS) er ein fordel.
Om arbeidsgivaren
Bakkelidgrenda barnehage er ein barnehage med to avdelingar og 15–20 barn. Barnehagen har tidlegare vore privat, men skal frå barnehageåret 26/27 drivast som kommunal barnehage under Gloppen kommune. Verksemda er registrert som underenhet i bransjen for førskoleundervisning og drift av barnehager, med 16 tilsette. Tilsetjing skjer på kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP og løn etter tariff.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 2. august 2026.
Om stillingen
Ledig pedagogstilling i Bakkelidgrenda barnehage Bakkelidgrenda barnehage er ein barnehage med to avdelingar og vil ha mellom 15 og 20 barn, barnehageåret 26/27. Barnehagen er lokalisert på Vereide og har gode lokalitetar både ute og inne. Barnehagen har vore privat barnehage, men skal det komande året drivast som kommunal barnehage. Ynskjeleg oppstart er seinast 1. september, men kan vere aktuelt å starte før.
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærar har ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet. Arbeidet skal utførast i tråd med gjeldande rammeverk, inkludert Rammeplan for barnehagen og barnehagen sin årsplan. Den tilsette skal bidra til målretta arbeid i tråd med med resultatleiing og beste praksis i barnehagen. Vidare forventar vi at alle tilsette er aktive og tilstadesvarande vaksne som legg til rette for leik, læring og eit inkluderande fellesskap.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer barnehagelærarar som har:
- Godkjend barnehagelærarutdanning.
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med barnehagelærarutdanning kan det vere aktuelt å tilsette søkjar med anna relevant utdanning.
- Kompetanse innan migrasjon og/eller spesialpedagogikk er ynskjeleg.
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, og god digital kompetanse. Nynorsk er skriftspråk i kommunen.
- Erfaring eller kompetanse innan rettleiing (barnehagelærar)
- Erfaring eller interesse for estetiske fag/praktiske fag
Personlege eigenskapar
Vi søkjer engasjerte medarbeidarar som er positive til utviklings- og endringsarbeid, og som er reflekterte rundt eigen og felles fagleg praksis. Vi ynskjer medarbeidarar som er ansvarsbevisste, har gode samarbeidsevner og som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Vidare legg vi vekt på at du bidreg til eit inkluderande barnehagemiljø, og har fokus på språkutvikling, samspel og relasjonsarbeid, samt bidreg til kontinuitet og stabilitet i avdelinga. Det er òg viktig at du er strukturert og har evne til tydeleg gruppeleiing. Barnehagane jobbar etter Tryggleikssirkelen (COS), og kjennskap til denne modellen er ein fordel. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i den samla kvalifikasjonsvurderinga. Dersom søkjarar elles er likt kvalifiserte, vil menn bli føretrekte ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Ein barnehage med fokus for kvalitet og fagleg utvikling
- Ein barnehage som er i eit spennande utviklingsarbeid med fokus på å utvikle trygge og tydelege pedagogiske leiarar, skaper inspirerande leikerom og løftar fram leiken som kjernen i barnehagen
- Eit fagmiljø der du får moglegheit til å vere med og påverke, lære og utvikle deg saman med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og arbeidsglede.
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.
Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Grete Aa Sandal, Rådgjevar oppvekst, 413 09 539 Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5152500249 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.08.2026
Lignende stillinger
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.