Konstali Helsenor, vikarbyrå med 375 ansatte, søker 3 vernepleiere til heltidsvikariat i bolig i Nordland.
Sjukepleiar, 2 x i inntil 100% fast - bonus og løn over tariff
Gulen Kommune · Gulen, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Gulen kommune lyser ut 2 faste stillingar som sjukepleiar i inntil 100% ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD), med oppstart snarast/etter avtale. Begge stillingane er knytte til rullerande todelt turnus på 12 veker i Brekke, med langvakter kvar 4. helg og ulike kombinasjonar av langvakter og ordinære vakter i vekedagane. Arbeidsoppgåvene omfattar sjukepleiefagleg ansvar, pasientretta pleie og oppfølging, samt tverrfagleg samarbeid. Arbeidsstad er Gulen kommune i Vestland.
Stillingane kjem med ein bonusordning på 100 000 kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år, løn over tariff, ekstra helgekompensasjon og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Om arbeidsgiveren
Gulen kommune er ein offentleg forvaltningseining i Vestland. Sentraladministrasjonen er registrert med 22 tilsette. Sone BBD har ansvar for heimetenestene i eit distrikt med både nyutdanna og røynde fagfolk, og vektlegg tett samarbeid mellom ulike faggrupper i den daglege drifta.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 16. august 2026.
Annonsetekst
Om stillinga
Gulen kommune har ledig to i inntil 100% faste stillingar som sjukepleiar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale. Desse stillingane er for tida knytt til rullerande todelt turnus på 12 veker i Brekke. Den eine faste stillinga har arbeid med langvakter 4. kvar helg og ordinære vakter i vekedagane. Den andre faste stillinga har langvakter kvar 4. helg og kombinasjon av langvakter og ordinære vakter i vekedagane.
Ta kontakt med kontakt person i annonsen dersom du har spørsmål til stillingane/turnus.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra.
Me tilbyr
- Spanande stillingar i ei teneste i utvikling. Rom for å kunne bidra aktivt i utviklingsarbeidet
- Bonusordning på 100 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i desse stillingane. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt
- Løn over tariff for sjukepleiarar i turnus
- Ekstra helgekompensasjon ved gått vakt
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte kome til
I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Lignende stillinger
Emploi Helse AS søker 1 helsefagarbeider til vikariat på heltid ved et omsorgssenter på Vestlandet, des. 2026–feb. 2027.
Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.