Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Kulturhusmedarbeidar

Sogndal Kommune Sogndal Kulturhus · Sogndal, Vestland

FastDeltidOffentligHåndverkere
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Sogndal Kommune Sogndal Kulturhus .

AI-sammendrag

Om stillingen

Sogndal Kulturhus søkjer ein kulturhusmedarbeidar i fast deltidsstilling (ca. 23–27 %), med arbeid på skift/turnus – hovudsakleg kveld, helg og feriar. Arbeidsstad er Sogndal. Rolla er variert: aktuelle oppgåver inkluderer kinomaskinist, kioskvakt, kulturhusvert og bartender (sistnemnde berre for tilsette over 18 år). Søkjarar frå 16 år er velkomne, og oppgåver blir tilpassa alder og erfaring.

Om arbeidsgivaren

Sogndal Kulturhus er registrert i bransjen for filmfremvisning og er ei undereining av Sogndal kommune, med 46 tilsette. Som kommunal kulturinstitusjon er verksemda ein sentral aktør i kulturlivet i Sogndal og Vestland.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 31. juli 2026.

Om stillingen

Sogndal Kulturhus søkjer etter dedikerte og engasjerte kulturhusmedarbeidarar til både faste deltidsstillingar og tilkallingsvakter.

Vi har jamleg behov for nye medarbeidarar gjennom året, og vil difor gjennomføre løpande vurdering og tilsetting av aktuelle kandidatar.

Om stillingaane

  • Stillingstype: Fast deltid og tilkalling
  • Stillingsprosent: Varierer (ca. 23-27 % for faste stillingar)
  • Arbeidstid: Skift/turnus (kveld, helg og feriar)
  • Arbeidsstad: Sogndal Kulturhus

Som kulturhusmedarbeidar kan du få varierte arbeidsoppgåver som:

- Kinomaskinist: Ansvar for visning av filmar. - Kioskvakt: Sal av snacks, drikke og billettar. - Kulturhusvert: Mottak og service for artistar og publikum. - Bartender: Servering ved arrangement for dei over 18 år. (Berre aktuelt for tilsette over 18 år)

Alle kulturhusmedarbeidarane hjelper kvarandre med daglege oppgåver som kundeservice, reinhald, opprydding og anna praktisk arbeid.

Me ønskjer søkjarar frå 16 år og oppover. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa alder og erfaring. Merk at oppgåver i baren berre kan utførast av tilsette over 18 år.

Kven er du?

Må-krav

- Interesse for kunst, kultur, film og kreativ næring. - Serviceinnstilt. - Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Ønskte kvalifikasjonar

- Kjennskap til bruk av sosiale media. - Kjennskap til lyd- og lysteknikk. - Erfaring med sal og kundebehandling.

Personlege eigenskapar

- Open og nysgjerrig. - Gode samarbeidsevner. - Initiativrik og sjølvstendig. - God gjennomføringsevne. - God formuleringsevne, både munnleg og skriftleg.

Me tilbyr

  • Ein spennande og variert arbeidsplass i eit kreativt og inspirerande miljø.
  • Moglegheita til å bidra aktivt i kulturlivet i Sogndal.
  • Me ser etter deg som vil vere med å skape gode kulturopplevingar for alle!
  • Mangfald og inkludering

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette speglar befolkninga elles. Alle kvalifiserte kandidatar vert oppmoda til å søkje – uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for tilpassa arbeidsforhold ved behov. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar skjer med ei prøvetid på 6 månader. I tråd med offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjarar verte offentleggjort sjølv om du har bede om å bli unnateke frå søkjarlista. Dersom det skjer, vil du bli varsla før offentleggjering.

Slik søkjer du

Send inn søknaden din via vårt rekrutteringssystem EasyCruit innan søknadsfristen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Produktionstekniker - Fräsbearbetning
Industri Support Värmland AB

Industri Support Värmland søker produksjonstekniker til fresbearbeiding hos HANZA Mechanics i Årjäng, fast heltidsstilling.

FastHeltidHåndverkere
Frist 30.9.2026