Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

 Nattevaktstillingar

Miljøarbeidertenesta, Gloppen Kommune · Gloppen, Vestland

VikariatDeltid2 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 3.12.2026

Annonsetekst

Vil du bidra til tryggleik og gode tenester gjennom natta?

Miljøarbeidertenesta, avdeling 1 (Åsavegen, Furubu og Solsikka) har ledige stillingar:

- Vikariat i 80 % på natt med arbeid kvar tredje helg i perioden 01.04.27 til 19.04.28. Det er moglegheit for forlenging, i form av fast tilsetning i tenesta.

- fast stilling i ca 31 % helg på natt. Stillinga utgjer arbeid natt til laurdag, natt til søndag og natt til måndag kvar tredje helg.

På natt er du med på å sikre at bebuarane våre får eit trygt, godt og forsvarleg tenestetilbod. Arbeidet omfattar mellom anna observasjonar, oppfølging av individuelle tiltak og praktisk bistand etter behov. Du arbeider tett saman med to andre nattevakter og blir ein viktig del av laget rundt brukarane.

Miljøarbeidertenesta yter tenester til personar med utviklingshemming, nedsett funksjonsevne og psykiske lidingar. Her arbeider sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar saman for å gi fagleg gode tenester. Målet er å bidra til at kvar enkelt brukar kan leve eit godt liv ut frå eigne føresetnader, ønskje og behov. Dette krev tilsette som møter menneske med respekt, omsorg og fagleg bevisstheit.

Som nattevakt må du rekne med å delta på personalmøte og fagmøte som er lagt inn i turnus gjennom året. Har du spørsmål om stillinga eller turnusordninga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Tiltreding: 01.04.27 eller tidlegare etter avtale. Oppgi i søknaden om du søker på fast helg 31% eller 80% stilling.

Arbeidsoppgåver

Oppgåvene er brukarretta, varierte og består mellom anna av:

  • Oppfølging av tenestemottakarar ut frå individuelle tiltak og behov
  • Helseoppfølging
  • Observasjonar og dokumentasjon
  • Tiltak etter kapittel 9 helse- og omsorgstenestelova

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar, vernepleiar, fagarbeidar eller pleiemedarbeidar
  • Du må kunne snakke og skrive godt norsk
  • Grunnleggjande digitale ferdigheiter til å nytte journal- og fagsystem
  • Ynskjeleg med erfaring frå målgruppa

Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Vi søker etter deg som

  • Kan arbeide strukturert og planmessig
  • Skapar gode relasjonar til dei rundt deg og opptrer med tolmod og respekt
  • Som er ein pådrivar for å skape ei god teneste, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Er ansvarsbevisst og trygg i rolla

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Tillegg på kr 20.000 årleg jmf % stilling for arbeid på natt (gjeld alle).
  • Tilleg på kr 8000 årleg i 100 % stilling på natt for høgskuleutdanna
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Høgskulestudentar innen relevant utdanning får lønnskompensasjon

For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar.

Kontaktinformasjon

Elise Hestenes Fjelle, Avdelingsleiar miljøarbeidertenesta, +47 478 75 932 Kristine Eide Ryssdal, Tenesteleiar miljøarbeidertenesta, +47 911 39 159

Arbeidsstad

Grandavegen 9 6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5211797497 Stillingsprosent: 80, 31% Vikar, Fast Søknadsfrist: 03.12.2026

Søk på jobben
Søk senest 3.12.2026
Søk på stillingen →
API og MCPGET /company/927075423/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/927075423/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 1,
  "hits": [
    {
      "uuid": "acb7846b-853f-436e-9955-9cec1754b8af",
      "title": " Nattevaktstillingar",
      "municipal": "GLOPPEN",
      "application_due": "2026-12-03 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "927075423" })

Spør AI-assistenten

  • Ansetter Gloppen Kommune Miljøarbeidertenesta Furebu flere i Gloppen nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Gloppen Kommune Miljøarbeidertenesta Furebu ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for « Nattevaktstillingar» hos Gloppen Kommune Miljøarbeidertenesta Furebu?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026
Miljøarbeidertenesta, Gloppen Kommune
Frist 3.12.2026
Søk på stillingen →