Fagansvarleg ingeniør – Generell kjemi
Medisinsk Biokjemi, Haugesund Sjukehus · Haugesund, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Helse Fonna HF Haugesund Sjukehus søkjer 1 fagansvarleg ingeniør til fagområdet generell kjemi ved Medisinsk biokjemi. Stillinga er fast, på heltid (37,5 t/veke), med arbeid ca. kvar fjerde laurdag. Arbeidsstad er Haugesund, Rogaland.
Hovudoppgåvene er å styrke, vidareutvikle og optimalisere rutinar og prosedyrar innan generell kjemi – eit fagfelt som mellom anna dekkjer klinisk kjemi, immunkjemi, allergi, spesialprotein og elektroforese. Rolla inneber fagleg og administrativt ansvar for fagområdet i samarbeid med funksjonsleiar og avdelingsoverlege, og deltaking i anskaffing, validering og verifisering av utstyr. Norsk autorisasjon som bioingeniør og minimum 2 års erfaring innan medisinsk biokjemi er krav.
Om arbeidsgivaren
Helse Fonna HF er eit offentleg helseføretak med 2 162 tilsette, organisert som underenhet til næringsdrivande og offentleg forvalting. Sjukehuset driv somatiske sjukehustenester i Haugesund og er ein del av spesialisthelsetenesta i Noreg. Medisinsk biokjemi held til i moderne, fullautomatiserte lokale og er akkreditert av Norsk akkreditering – noko som speglar eit sterkt fokus på kvalitet og fagutvikling.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 09.08.2026.
Om stillingen
🧪 Vil du vere med og utvikle fagområdet generell kjemi? På grunn av vekst i fagområdet søkjer vi no ein fagansvarleg ingeniør til eit spanande og framtidsretta fagmiljø. Du vil arbeide tett saman med to andre fagansvarlege ingeniørar og to fagingeniørar, og vere ein del av det større teamet innan medisinsk biokjemi. 🤝 🔬 Fagområdet omfattar mellom anna klinisk kjemi, immunkjemi, allergi, spesialprotein og elektroforese. Området er i stadig utvikling, og nye analysar blir jamleg implementerte. 🏥 Medisinsk biokjemi held til i nye og moderne lokale med fullautomatisert analysehall, og er ein del av Avdeling for laboratoriemedisin. Avdelinga er akkreditert av Norsk akkreditering og har sterkt fokus på kvalitet og fagutvikling. Stillinga er ei dagtidsstilling med 37,5t/uke og arbeid ca. kvar fjerde lørdag. 📞 Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat! 😊
Kva går jobben ut på?
- Fagansvarleg ingeniør er fagleg og administrativt underlagd funksjonsleiar, og skal i samarbeid med avdelingsoverlege og funksjonsleiar bidra til å styrkje, vidareutvikle og optimalisere rutinar og prosedyrar innan fagområdet.
- Fagansvarleg ingeniør skal, saman med dei andre fagansvarlege, ha spesialkompetanse og hovudansvar for sitt fagområde.
- Fagansvarleg kan få delegert oppgåver frå medisinsk ansvarleg og funksjonsleiar, og kan i samarbeid med funksjonsleiar delegere arbeidsoppgåver til anna kvalifisert personale.
- Fagansvarleg ingeniør vil delta i prosessar knytte til anskaffing, validering og verifisering av utstyr.
- Ordinære driftsoppgåver ved Medisinsk biokjemi vil inngå i arbeidsoppgåvene.
- Vedkomande vil samarbeide tett med andre fagansvarlege, avdelingsoverlege og funksjonsleiar.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør er eit krav.
- Minimum 2 års erfaring innan medisinsk biokjemi.
- Erfaring frå fagansvar og det aktuelle fagområdet vil bli vektlagd.
- Erfaring med laboratorieautomatisering er ønskjeleg.
- Erfaring med større analyseinstrument er ein fordel.
- Erfaring med prosedyreskriving er ønskjeleg.
- Erfaring med avvikshandtering er ønskjeleg.
- Gode IKT-kunnskapar, særleg i Excel, er ønskjeleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- arbeider sjølvstendig og finn gode løysingar på utfordringar
- er engasjert, arbeidsam og tek ansvar
- samarbeider godt med andre og har pasienten i fokus
- har stor interesse for fagfeltet og ønskje om fagleg utvikling
- har høg arbeidskapasitet og evne til å prioritere
- trivst i eit aktivt og tidvis travelt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Ei sentral rolle i eit fagområde i vekst og utvikling.
- Arbeid i moderne lokale med fullautomatisert analysehall.
- Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
Dersom ynskje om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden. Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930
Arbeidsstad
Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5151580703 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 09.08.2026
Flere stillinger hos Medisinsk Biokjemi, Haugesund Sjukehus
Helse Fonna HF, Haugesund Sjukehus søker funksjonsleder til heltidsvikariat ved medisinsk mikrobiologi, 01.01.–31.12.2027.
Haugesund sykehus søker ergoterapeut i 100 % vikariat (6 mnd) til revmatologi og ortopedi, oppstart 01.01.2027.
Helse Fonna, Haugesund Sjukehus, søker 1 sykepleier i fast 100 % stilling ved Bemanningssenteret, med frist 18. oktober 2026.
Lignende stillinger
Viva Bemanning søker 4 autoriserte vernepleiere til vikariat på heltid i kommunale helse- og omsorgstjenester i Finnmark.