Allcare Solutions AS søker 2 B2B-selgere på deltid i Rogaland, med hjemmekontor og fast ansettelse.
Account Manager SMB
Tussa · Ålesund, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Tussa IKT søkjer éin fast account manager på heltid med ansvar for små og mellomstore bedriftskunder (SMB). Rolla inneber oppfølging og utvikling av eksisterande kundebase, identifisering av nye behov, rådgjeving og samarbeid med salskollegaer. Kontorstad kan veljast mellom Ørsta, Ålesund eller Sykkylven.
Om arbeidsgiveren
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet og reknar seg som eitt av dei største og mest komplette IT-miljøa på Nordvestlandet. Selskapet opererer innan kabelbasert, satellittbasert og trådlaus telekommunikasjon og har om lag 130 medarbeidarar totalt, med 65 tilsette registrert på avdelinga i Ørsta. Med avdelingskontorer i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven dekkjer verksemda ein stor del av regionen. Selskapet er organisert som undereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 20. august 2026.
Om stillingen
Tussa IKT
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 130 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven.
Video: https://youtu.be/hdlNkgF-R3U?si=w9kOXz-XuKc2LUdV
Vil du jobbe med utvikling av kundar og vere med å skape verdi for små og mellomstore bedrifter?
Vi søkjer ein motivert og strukturert account manager SMB som skal jobbe med dei små og mellomstore kundane våre. Du vil ha ansvar for å vidareutvikle kundebasen og sikre at kundane våre får god oppfølging og dei beste løysingane. Hos Tussa IKT blir du ein del av eit av dei største og mest komplette IT-miljøa på Nordvestlandet. Du får arbeide saman med erfarne spesialistar innan IT-drift, informasjonssikkerheit, skytenester og digitale arbeidsflater. Dette gir deg eit unikt høve til å utvikle deg som rådgjevar og hjelpe kundane med løysingar som skaper reell verdi.
Kontorstad kan vere Ørsta, Ålesund eller Sykkylven.
Om stillinga
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Oppfølging og utvikling av SMB-kundar
- Identifisere nye behov og moglegheiter hos kundane
- Rettleie kundane til gode løysingar
- Bidra til vekst og auka kundeverdi
- Samarbeide tett med seljarane
Kvalifikasjonar:
- Solid erfaring innan sal / kundebehandling
- Gode kommunikasjonsevner
- Interesse for relasjonsbygging og rådgjeving
Det er ein fordel om du har:
- Relevant utdanning innan sal, marknadsføring, økonomi eller IT
- Erfaring frå IT-bransjen, telekom eller andre teknologirelaterte fagområde
- Erfaring med CRM-system og strukturert salsarbeid
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi kan tilby
- Ein spennande kvardag i eit aktivt salsteam
- Gode utviklingsmoglegheiter
- Konkurransedyktige vilkår
Lignende stillinger
Super Rens i Agder søker 5 selgere/møtebookere på heltid, fast ansettelse, med provisjonslønn og hjemmekontor.
Spotless Renhold AS søker 3 deltidsrenholdere til private boliger i Akershus, fast ansettelse.
Allcare Solutions søker 2 B2B-selgere på deltid i Vestland – hjemmekontor, fast ansettelse, salg av rekrutteringstjenester.
Allcare Solutions AS søker 2 B2B-selgere på deltid (fast) i Vestfold – hjemmekontor, salg mot norske virksomheter.
Allcare Solutions søker 2 B2B-selgere på deltid med hjemmekontor i Akershus, fast ansettelse.