Hopp til innhold
Nytt: klientbevegelser for regnskapsførere.Les mer →

Badevakt og billettør ved offentleg bad

Kvinnherad Kommune Sektor Oppvekst · Kvinnherad, Vestland

EngasjementDeltid3 stillingerOffentligSikkerhet og beredskap
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Kvinnherad Kommune Sektor Oppvekst.

AI-sammendrag

Om stillingen

Kvinnherad kommune lyser ut 3 faste deltidsstillingar som badevakt og billettør ved symjebassenga i Undarheim, Rosendal og Hatlestrand. Stillingane er engasjement med låg stillingsprosent: 15,23 % ved Undarheim, rundt 17 % kvar ved Rosendal (to stillingar), og 3,15 % kvar ved Hatlestrand (to stillingar). Arbeidstida er ettermiddag, helg og delar av skuleferiane. Bassenga er opne i periodar på 8–9 månader i året, frå september til mai. Det er også behov for ringevikarar ved Undarheim og Øyatun, samt ferievikariat ved Undarheim i skuleferiane. Stillingane passar for studentar eller tilsette i kommunen som ønskjer auke i stillinga si. Arbeidsstad er Kvinnherad kommune i Vestland.

Om arbeidsgivaren

Kvinnherad kommune er ein offentleg forvaltningsorganisasjon med 91 tilsette i sentraladministrasjonen. Kommunen driv ei rekkje tenester innan mellom anna oppvekst, og bassenga høyrer inn under denne sektoren. Tilsetting skjer etter kommunale vilkår med pensjonsordning og forsikring gjennom KLP. Kommunen er ei IA-verksemd.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 2. august 2026. Livredningskurs og badevakt grunnkurs er påkravd — arbeidsgjevar kan hjelpe med kurs ved manglande kvalifikasjonar. Gyldig politiattest må leggjast fram.

Om stillingen

Faste stillingar ved bassenga ved Undarheim, Rosendal og Hatlestrand, vikar ved Undarheim og Øyatun

Omtale av stillingane

Ved bassenga ved Undarheim, Rosendal og Hatlestrand er det ledig faste stillingar som badevakt og billettør. Stillingane medfører arbeid ettermiddag, helg og eventuelt ferie.

Me søkjer tilsette ved dei ulike bassenga:

Undarheim: symjehallen er ope i ein periode på 9 månader frå starten av september og ut mai. Det er offentleg bading tre dagar i veka i tillegg til helg, og nokre dagar i skuleferiane. Det er behov for badevakt til å jobbe kvar tysdag i tillegg til laurdag og søndag annakvar helg. Det er behov for éi badevakt med stillingsprosent 15,23 %. Sjå også om ferievikariat i siste avsnitt. Ta kontakt dersom de ønskjer meir detaljar.

Rosendal: symjehallen er ope i ein periode på 8 månader frå midten av september til midten av mai. Det er offentleg bading tre dagar i veka men det er behov for badevakt for å ha ope også laurdag og søndag. Dersom ein vil jobbe i skulen sin haustferie, juleferie og vinterferie kan symjebassenget ha ope nokre dagar i feriane også. Det er behov for to badevakter der stillingsprosent blir rundt 17 % på kvar, avhengig av omfang. Ta kontakt dersom de ønskjer meir detaljar.

Hatlestrand: symjehallen er ope i ein periode på 8 månader frå midten av september til midten av mai. Det er offentleg bading éin dag i veka, men behov for meir personell for å ha ope helg og ferie i tillegg. Her er det behov for to badevakter med 3,15 % stilling kvar. Ta kontakt dersom de ønskjer meir detaljar.

Det vil vere mogleg å kombinere stillingane ved Hatlestrand og Rosendal. Dersom ein ønskjer å arbeide i begge bassenga ber vi om at de opplyser om det i søknaden.

Me ser etter deg som ikkje har full stilling frå før i kommunen og ynskjer auke i stillinga di. Eller etter deg som kanskje er student og ynskjer ein deltidsjobb som du kan kombinera med studiene dine.

Ved bassenga ved Undarheim og Øyatun er det også behov for ringevikarar. Ved Undarheim er det også behov for 2 ferievikariat som gjeld dagar i haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie. Dette kan eventuelt inkluderast i den faste stillinga.

Vi ønsker følgjande kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha livredningskurs og badevakt grunnkurs.

Ved manglande kvalifikasjonar kan arbeidsgjevar vera behjelpeleg med kurs.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje

søknaden din. Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

Kontaktperson

Undarheim basseng – Beret Sirma-Tellefsen Hveem, mobil: 488 61 998

Rosendal basseng – Rune Melheim, mobil: 416 16 152

Hatlestrand basseng - Lilli Britt Urheim, mobil: 924 44 514

Øyatun basseng – Hege Mehammer Tofte, mobil: 901 24 018

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Trafikk Gjengen AS søker tilkallingsvikarer.
Trafikk Gjengen AS · AKERSHUS

Trafikk Gjengen AS i Akershus søker 5 tilkallingsvikarer på deltid, sesong, til trafikkdirigering og trafikkvakt.

SesongDeltid5 stillingerSikkerhet og beredskap