Seksjonsleiar
Forskings- Og Utviklingsavdelinga (fou), Helse Bergen HF · Bergen, Vestland
Annonsetekst
Utdanning av helsepersonell og opplæring av pasientar og pårørande er to av dei fire hovudoppgåvene ved Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus, saman med pasientbehandling og forsking. Klinikknær utdanning og opplæring er nødvendig for all pasientbehandling. Det er òg nødvendig for å utvikle tenestene i tråd med endra behov og nye metodar og for å bruke ressursane best mogleg. Som regionsjukehuset i Helse Vest og det nest største sjukehuset i landet har vi eit viktig ansvar på desse områda.
Vi søkjer ny leiar for Seksjon for kompetanseutvikling Som seksjonsleiar bidreg du til at sjukehuset til kvar tid har tilstrekkeleg og rett kompetanse til å løyse samfunnsoppdraget. Du får ei sentral rolle i å skape gode rammevilkår for utdanning og opplæring ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest.
Seksjon for kompetanseutvikling er ei av fem einingar i Forskings- og utviklingsavdelinga, som støttar opp under kjerneverksemda i sjukehuset. Internt har seksjonen eit utstrekt samarbeid med dei kliniske einingane, andre stabseiningar og dei andre einingane i avdelinga. Eksternt har seksjonen eit godt samarbeid med universitet og høgskular, kommunar, fylke, direktorat, Helse Vest RHF og dei andre sjukehusa i regionen. Seksjonen har rundt 30 medarbeidarar med høg og differensiert kompetanse og bakgrunn frå mellom anna medisin og helsefag. Hovudarbeidsområda er å planleggje, gjennomføre, evaluere og forbetre kompetanseutviklingstiltak. Innan utdanning har seksjonen ansvar for rekruttering og oppfølging av lærlingar, rekruttering og administrativ oppfølging av studentar til vidareutdanning innan sjukepleiefag og overordna fagleg tilrettelegging for legar i spesialisering del 1. Seksjonen støttar òg sjukehuset i samarbeidet og samhandlinga med universitet og høgskular om praksisutdanningane innan medisin og helsefag og i tilrettelegginga for klinisk praksis i sjukehuset. Seksjonen har systemansvar for Læringsportalen og Kompetanseportalen og driftar Senter for simulering og ferdigheitstrening og Lærings- og meistringssenteret ved sjukehuset. I tillegg er seksjonen ofte involvert i lokale og regionale prosjekt og program som skal støtte kompetanseutvikling. Seksjonen har fleire faste regionale oppgåver, mellom anna ansvar for Regionalt utdanningssenter for legar (RegUt) og sekretariatet for regionalt samarbeidsorgan for utdanning.
Som seksjonsleiar er du medlem av leiargruppa i Forskings- og utviklingsavdelinga og rapporterer til fagdirektør. Du deltek aktivt i leiargruppa og bidreg til at heile avdelinga lukkast. Du er ein pådrivar for gode rammevilkår for utdannings- og opplæringsaktivitetar i sjukehuset og elles i Helse Vest. I samhandlinga med klinikkane er du open, lyttande og serviceinnstilt. Overfor eksterne samarbeidspartar representerer du sjukehuset på ein synleg og konstruktiv måte. Vi søkjer ein utviklingsorientert og strategisk leiar med genuin interesse for utdanning, opplæring og kompetanseutvikling. Du held oversikt og set mål og delmål. Gjennom dialog støttar du prioriteringar, samhandling og effektive arbeidsformer som gjer at vi når måla. Engasjementet ditt er retta mot å leggje til rette for kompetanseutvikling til beste for pasientbehandlinga ved Haukeland universitetssjukehus og sjukehusa i Helse Vest.
Arbeidsoppgåver
- Ha ansvar for personaloppfølging, faglege spørsmål og økonomi som del av totalansvaret for Seksjon for kompetanseutvikling
- Bidra i strategisk arbeid for utdanning, opplæring og kompetanseutvikling
- Bidra til vidareutvikling og forbetring av system og verktøy for å understøtte utdanning, opplæring og kompetanseutvikling
- Bidra til god samhandling med universitet og høgskular, kommunar, fylke, direktorat, Helse Vest RHF og andre sjukehus i Helse Vest
- Vere nettverksbyggjar for å posisjonere utdanning, opplæring og kompetanseutvikling ved Haukeland universitetssjukehus og i Helse Vest
- Delta i leiinga av Forskings- og utviklingsavdelinga
Kvalifikasjonar
- Høgare medisinsk/helsefagleg eller anna relevant utdanning på masternivå
- Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskeleg
- Leiarkompetanse og erfaring frå personalleiing
- Erfaring frå strategi- og forbetringsarbeid og tverrfagleg prosjektarbeid
- Kjennskap til arbeidsområda i seksjonen
- God innsikt i utviklingstrekk innan helsetenesta og i utdanningsområdet
- Relevant og godt nettverk lokalt, regionalt og nasjonalt
Personlege eigenskapar
- Synleg, involverande og motiverande leiar som set tydeleg retning for samfunnsoppdraget
- Strategisk og analytisk med god organisasjonsforståing
- Kommuniserer godt munnleg og skriftleg og bidreg til engasjement, samhandling og samarbeid
- Arbeider planmessig og målretta og har god gjennomføringskraft
- Er open for endringar og finn fleksible og innovative løysingar på tvers av fag, einingar og institusjonar
Vi tilbyr
- Ei utfordrande leiarstilling i eit godt arbeidsmiljø med eit viktig samfunnsoppdrag
- Arbeidsplass sentralt på haukelandsområdet
- Løn etter avtale
- Ei av dei beste pensjonsordningane i landet
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marta Ebbing, Fagdirektør, 90153890
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22 5009 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5211295553 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.12.2026
Flere stillinger hos Forskings- Og Utviklingsavdelinga (fou), Helse Bergen HF
Helse Bergen (Haukeland) søker 10 sykepleiere og vernepleiere til faste heltidsstillinger i Psykiatrisk klinikk i Bergen.
Helse Bergen HF søker 6 vernepleiarar og sjukepleiarar i faste heltidsstillingar ved sikkerheitspsykiatrien i Bergen.
API og MCPGET /company/974557746/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974557746/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 24,
"hits": [
{
"uuid": "3b56ce83-1fa2-4813-9351-8e5ea210e860",
"title": "Seksjonsleiar",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-12-01 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "5c6a117a-a222-44a5-a445-d084800cd83c",
"title": "Sjukepleiar og vernepleiar - faste stillingar frå sommaren 2027 i Psykiatrisk klinikk",
"municipal": "BERGEN",
"application_due": "2026-11-29 00:00:00+00",
…
},
…
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974557746" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Seksjonsleiar» hos Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus?
Ansetter Helse Bergen HF Haukeland Universitetssjukehus flere i Bergen nå?
Lignende stillinger
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.