Lom kommune søkjer reinhaldar i 60 % fast stilling ved kommunale bygg i Lom.
Barne- og ungdomsarbeidar i 100 % fast stilling
Lom Kommune Sentraladministrasjon · Lom, Innlandet
AI-sammendrag
Om stillingen
Lom kommune har to ledige 100 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Arbeidsoppgåvene omfattar aktiv deltaking i det daglege arbeidet med barna, tilrettelegging for leik og læring, relasjonsbygging med barn og føresette, samt deltaking i planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar. Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men ufaglærte med rette personlege eigenskapar oppmodas også til å søkje. Godkjend politiattest er krav ved tilsetjing. Arbeidsstad er Lom.
Om arbeidsgjevaren
Lom Kommune Sentraladministrasjon er ei underenhet innanfor generell offentlig administrasjon, med 21 ansatte. Som kommunal arbeidsgjevar tilbyr stillinga tariffesta løns- og pensjonsvilkår, og eit fagmiljø på tvers av kommunens barnehagar med moglegheit for kompetanseheving.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 16. oktober 2026.
Om stillingen
Vil du vere med og bidra til ein trygg og inspirerande barnehagekvardag i Lom?
Lom kommune har ledig to 100 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Vi ønskjer oss nokon som har eit ekte engasjement for barn, og som vil bidra til gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen.
Kven ser vi etter?
Du møter barn og vaksne på ein open og respektfull måte og har eit godt blikk for behova til det enkelte barnet. Du trivst med å vere ein del av eit lag, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du er fleksibel, finn gode løysingar og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
Vi ønskjer at du:
• er til stades og oppmerksam i møte med barna
• er omsorgsfull, trygg og tydeleg
• tek ansvar og initiativ i kvardagen
• samarbeider godt med føresette og kollegaer
• er fleksibel og løysingsorientert
• likar å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar
• er interessert i fagleg utvikling
Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer helst at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men oppmodar også ufaglærte til å søkje. Har du dei rette personlege eigenskapane og eit ekte engasjement for arbeid med barn, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg.
Vi ønskjer også at du:
• har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
• gjerne har relevant erfaring frå arbeid med barn
Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine
• Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
• Leggje til rette for leik, læring og utvikling
• Byggje gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
• Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar
• Bidra i utviklinga av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
Vi tilbyr
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Eit godt fagmiljø på tvers av barnehagane, med moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Tariffesta løns- og pensjonsvilkår
- Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Flotte omgjevnader og gode moglegheiter for å bruke naturen i barnehagekvardagen
Praktisk informasjon
- Det er krav om godkjend politiattest ved tilsetjing
- Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
- Namn på søkjarar blir offentleggjorde i samsvar med gjeldande regelverk
Flere stillinger hos Lom Kommune Sentraladministrasjon
Lignende stillinger
AllCare Solutions AS, et rekrutteringsselskap, søker 1 barnehagelærer til fast 100 % stilling i Trondheim-området. Frist 15. oktober 2026.
Universitetet i Bergen lyser ut 1 heltids PhD-stilling (åremål) i digital endokrinologi ved University of Athens, Hellas.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.