Hvam videregående skole i Nes søker spansklærer i ca. 50 % vikariat fra januar til juni 2027.
Kulturskulelærar i dans - 15% engasjement
Kultur, Sykkylven Kommune · Sykkylven, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Sykkylven kulturskule søkjer ein kulturskulelærar i dans (hiphop) til eit 15 % årsengasjement, med moglegheit for forlenging. Undervisninga går føre seg på ettermiddag/kveld i dansesal ved Sykkylven kulturhus, og oppstart er ønskt snarast. Det er ønskjeleg med minimum bachelorutdanning innan dans med kunnskap om hiphop, samt praktisk-pedagogisk utdanning, men søkjarar med anna relevant utdanning eller praksis kan også bli vurderte. Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing. Arbeidsstad er Haugsetvegen 32 i Sykkylven.
Om arbeidsgjevaren
Sykkylven kulturskule er ein undereining til næringsdrivande og offentleg forvaltning, og driv kulturskuleundervisning for barn og unge i Sykkylven kommune. Skulen har 12 tilsette fordelt på 3,5 årsverk og underviser i dag om lag 200 elevar. Verksemda held til i nye lokale i eigen avdeling ved Nye Aure barneskule, med undervisningsrom og administrasjon samlokalisert, og er inne i ei utviklingsfase der fagtilbodet vert bygd ut i tråd med ny rammeplan for kulturskulen.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 14. oktober 2026. Det er offentleg søkjarliste, og unntak frå offentlegheit må grunngjevast. Søkjarar vert bedne om å leggje ved vitnemål og attestar for rett utrekning av ansiennitet og løn.
Annonsetekst
Vi har ledig 15 % årsengasjement som kulturskulelærar innan dans (hiphop-stil) ved Sykkylven kulturskule. Det er ønskeleg med oppstart snarast. Det vil være mogleigheit for forlenging.
Vi søkjer ein dyktig og engasjert lærar som ynskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Sykkylven kulturskule held til i nye lokale i eigen avdeling i Nye Aure barneskule i Sykkylven sentrum. Her er administrasjon, undervisingsrom og arbeidsplassar for lærarane samlokalisert. Danseundervisninga er lagt til dansesal ved Sykkylven kulturhus.
Skulen har i dag 3,5 årsverk fordelt på 12 tilsette og har ca 200 elevar. Kulturskulen er inne i ein spanande utviklingsfase og fagtilbodet er under utvikling. Den nye rammeplanen for Kulturskulen vert lagt til grunn for dette arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på ettermiddag/kveld.
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med minimum bachelorutdanning innan dans med kunnskap om danseforma HipHop
- Andre med relevant utdanning/praksis kan bli vurdert til stillinga
- Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdannning eller tilsvarande pedagogisk utdanning og relevant praksis
- Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9
Personlege eigenskapar
- Interesse for å arbeide med barn og unge
- Gode pedagogiske evne
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gode forsikringsvilkår og låneordningar
- Gratis parkering
Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. Vitnemål og attestar Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Nadhira Vonstad, Kulturskulerektor, 48113353, nadhira.vonstad@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugsetvegen 32 6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5188472515 Stillingsprosent: 15% Engasjement Søknadsfrist: 14.10.2026
Lignende stillinger
Mobarn Øverland Barnehage i Molde søker pedagogisk leder i 100 % fast stilling.
Kråka FUS Kulturbarnehage i Moss søker 1 assistent på heltid, fast ansettelse, med oppstart januar 2027.
Omsorgsgruppen AS i Akershus søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem, engasjement på heltid.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.