Vil du bli vår nye sjukepleiar?
Kirurgisk Post Haugesund Sjukehus · Haugesund, Rogaland
Om stillingen
Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus på Kirurgisk post ved Haugesund sjukehus.
🏥 Kirurgisk post har 8 senger og eit spennande og variert pasientgrunnlag. Hos oss møter du fleire fagfelt, mellom anna kar- og thoraxkirurgi, brystkirurgi, thyroideakirurgi, behandling av føflekkreft, brannskadar og andre generelle kirurgiske tilstandar. I helger, høgtider og ferieperiodar tek vi også imot gynekologiske pasientar. 🌟 Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med dyktige kollegaer som samarbeider godt og støttar kvarandre. Du får moglegheit til fagleg utvikling, spennande utfordringar og ein kvardag der ingen dagar er heilt like.
Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss!
Kva går jobben ut på?
I denne stillinga vil du mellom anna:
- Arbeide med stille rapport og delt gruppe, slik at du får ansvar for eigne pasientar.
- Utføre pleie, oppfølging og administrasjon på sengepost.
- Utføre sjukepleiefaglege oppgåver og prosedyrar.
- Samarbeide tett med legar, sjukepleiarar og andre faggrupper for å sikre gode pasientforløp.
- Bidra til trygg og heilskapleg pasientbehandling med pasienten i sentrum.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som DIPS og Meona.
- Erfaring med sårstell er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er ryddig, strukturert og arbeider målretta
- trivst i eit aktivt og til tider travelt miljø
- er sjølvstendig og har evne til å prioritere arbeidsoppgåver
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt samarbeid med kollegaene dine
- er open for nye utfordringar og ønskjer fagleg utvikling
Personlege eigenskapar blir tillagde stor vekt.
Kvifor skal du velje oss?
- God opplæring og oppfølging frå erfarne sjukepleiarar.
- Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Høgt fagleg nivå og varierte arbeidsoppgåver.
- Moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
- Ein spennande arbeidsplass i kontinuerleg utvikling.
Kontaktinformasjon
Anne Ringe, Avdelingsleiar
Arbeidsstad
Karmsundgata 120 5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5189446571 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.10.2026
Flere stillinger hos Kirurgisk Post Haugesund Sjukehus
Haugesund sjukehus (Helse Fonna) søker fagansvarlig ingeniør innen immunhistokjemi, 1 fast heltidsstilling i patologi.
Helse Fonna i Haugesund søker 1 systemansvarlig for IKT og helsedata, fast heltid. Søknadsfrist 21. oktober 2026.
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.
Dignus Medical søker 1 allmennlege til fastlegevikariat på heltid i Innlandet, med dekket reise og bolig.
Konstali Helsenor, vikarbyrå for helsepersonell, søker 2 sykepleiere til vikariat på heltid ved et helsehus i Østfold.
Konstali Helsenor søker sykepleier til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Møre og Romsdal, med oppstart i oktober 2026.
Konstali Helsenor, vikarbyrå i Oslo, søker 2 sykepleiere til heltidsvikariat i hjemmetjenesten i Trøndelag, oppstart 10. oktober 2026.