Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

ID 2450 Vernepleiar ved avdeling Studalen - Eining for habilitering

Stord Kommune · Stord, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Stord Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Stord kommune søkjer autorisert vernepleiar i fast 100 % stilling ved avdeling Studalen, eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Stillinga er ledig frå 01.09.2026 og er organisert i turnus dag/kveld med langvakter kvar fjerde helg. Arbeidsstad er Stord i Vestland.

Vernepleiar har fagleg ansvar i avdelinga, inkludert observasjon og kartlegging av funksjonsnivå, utforming og oppfølging av tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, legemiddelhandtering og opplæring av personale. Rolla inneber òg rettleiing av studentar, lærlingar og kollegaer i faglege og etiske spørsmål, samt vurdering av behov for samarbeid med eksterne instansar som habiliteringstenesta og ergo-/fysioterapitenesta. Krav er autorisasjon som vernepleiar, førarkort klasse B og gode norskkunnskapar.

Om arbeidsgivaren

Stillinga ligg under Stord kommune, representert ved eininga Heimebaserte tenester område sentrum – ein underenhet av offentleg forvaltning med bransjetilhøyrsle innan sjukepleietenester og andre helsetenester i heimen. Eininga har 244 tilsette, noko som gjer dette til ein middels stor kommunal driftseining. Løns- og arbeidsvilkår følgjer kommunalt avtaleverk med offentleg tenestepensjon.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 21. juni 2026.

Annonsetekst

Avd. Studalen er eit bufellesskap for personar med utviklingshemming. Avdelinga er ein del av Tunet burettlag, og høyrer til VESTBO, Vestlandske Boligbyggelag. Bebuarane eig, eller leiger bustadane.

Studalen sin visjon er;

Gode relasjonar skapar trivsel og meistring. Overordna mål er å skapa ein trygg og omsorgsfull heim i eit miljø som stimulerer til utvikling.

Bebuarane mottek tenester etter individuelle vedtak som er heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Tenestene vert gitt ut i frå den einskilde bebuar sine føresetnader, ønskjer og behov, i samarbeid med den einskilde bebuar, pårørande og verje.

Det er ledig fast 100% stilling for vernepleiar i Studalen bufellesskap frå 01.09.26. Stillinga er i turnus dag/kveld med langvakter kvar fjerde helg.

Vernepleiar har ansvar for:

  • Fagleg ansvar i avdelinga
  • Ansvar for at det blir gjennomført observasjon og kartlegging av funksjonsnivå og laga mål og tiltak etter desse
  • Evaluere mål og tiltak
  • Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
  • Ansvar for opplæring og rettleiing i høve hovuddiagnosar og tilleggsdiagnosar, og legga til rette miljøarbeid utifrå desse
  • Rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål. Blant anna om tvang og makt etter Helse- og omsorgstenestelova kap. 9, og Lov om pasient- og brukarrettigheter, kap. 4 A.
  • Førebygga og identifisera bruk av tvang og makt i miljøarbeidet
  • Ansvar for utforming og oppfølging av tvangsvedtak
  • Motivera og rettleia studentar, lærlingar og nye tilsette
  • Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon, og rettleia anna personale i høve dokumentasjon
  • Kjenna til og bruka avdelinga sine prosedyrar, og gjera dei kjent for andre medarbeidarar
  • Ansvar for å vurdera behovet for kontakt med andre instansar/ samarbeidspartnarar (til dømes Habiliteringstenesta, ergo/fysioterapitenesta m.m.)
  • Vernepleiar får ansvar for fagkoordinator sine oppgåver når denne er fråverande.
  • Avdelingsleiar kan delegere andre oppgåver

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert vernepleiar.
  • Førarkort kl B.
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Ragnhild Dale, tlf 489 90 905 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097

Flere stillinger hos Stord Kommune

API og MCPGET /company/976672755/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/976672755/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 1,
  "hits": [
    {
      "uuid": "102797c4-f3e6-4d22-8688-a345abc72efd",
      "title": "ID 2497 Helsefagarbeidar - Eining for institusjonar",
      "municipal": "STORD",
      "application_due": "2026-11-29 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "976672755" })

Spør AI-assistenten

  • Ansetter Stord Kommune Heimebaserte Tenester Sjukepleie- Og Helseteam flere i Stord nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Stord Kommune Heimebaserte Tenester Sjukepleie- Og Helseteam ut nå?
  • Hva er søknadsfristen for «ID 2450 Vernepleiar ved avdeling Studalen - Eining for habi…» hos Stord Kommune Heimebaserte Tenester Sjukepleie- Og Helseteam?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial