Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Prosjektstilling, Familiestøtta

Familiehuset, Gloppen Kommune · Gloppen, Vestland

EngasjementHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Familiehuset, Gloppen Kommune.

AI-sammendrag

Om stillingen

Gloppen kommune lyser ut eit 100 % engasjement som miljøterapeut/helsesjukepleiar/familieterapeut ved Familiehuset, knytt til lågterskeltilbodet Familiestøtta. Engasjementet varer frå 01.10.2026 til 31.12.2027. Arbeidsoppgåvene omfattar å vidareutvikle tilbodet i Familiestøtta saman med teamet og leiargruppa, samt følgje opp barn, ungdom, foreldre og søsken gjennom individuelle tiltak og gruppetilbod, mellom anna innan foreldrerettleiing (COS, ICDP, PMTO), psykologisk førstehjelp, støttesamtalar og kognitiv terapi. Det er éin stilling ledig, med arbeidsstad i Gloppen kommune. Det blir stilt krav om treårig helse- og sosialfagleg utdanning med relevant vidareutdanning, og tilsetting krev godkjend politiattest samt seks månadar prøvetid.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er finansiert av prosjektmidlar frå Bufdir gjennom Kommunalt forebyggingsprogram for barn og unge, og høyrer til Familiehuset i Gloppen kommune, der helsestasjon, skulehelseteneste, barnevernsteneste, psykisk helseteneste, PPT og fysio- og ergoterapiteneste er samlokaliserte og samorganiserte.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 15.09.2026.

Annonsetekst

Gloppen kommune har fått prosjektmidlar frå Bufdir gjennom ordninga Kommunalt forebyggingsprogram for barn og unge, og har ledig engasjement i 100 % stilling for miljøterapeut/helsesjukepleiar/familieterapeut frå 01.10.2026 til 31.12.2027.

Stillinga er knytt til Familiehuset der helsestasjon og skulehelseteneste, barnevernsteneste, psykisk helseteneste, PPT og fysio- og ergoterapiteneste er samlokalisert og samorganisert. Tenestene i Familiehuset tilbyr ulike tenester til barn, unge og foreldre gjennom lågterskeltilbodet Familiestøtta. Vi ynskjer at vår nye medarbeidar skal vere med og vidareutvikle og styrke dette tilbodet.

Noverande tilbod i Familiestøtta er mellom anna foreldrerettleiing individuelt og i gruppe etter metodane COS, ICDP og PMTO, psykologisk førstehjelp, støttesamtalar, kognitiv terapi og oppfølging av ungdomslos. Vi ynskjer å bygge ut kompetansen vår på evidensbaserte metodar, som kognitiv åtferdsterapi og Cool Kids, og tilby behandling individuelt og i gruppe til barn og unge med lette til moderate psykiske helseplager. Dette ynskjer vi å støtte opp under gjennom foreldrerettleiing, i tråd med føringane i Helsedirektoratet sin rettleiar for psykisk helsearbeid for barn og unge. Vi ynskjer også å utvikle eit tilbod til barn og ungdoms med vanskar i autismespekteret og deira foreldre og søsken.

No ser vi etter ein fagperson som har relevant kompetanse og erfaring som er motivert til å vere med og utvikle tilbodet i Familiestøtta.

Arbeidsoppgåver

  • Utvikle tilbodet i Familiestøtta i lag med teamet der og leiargruppa i Familiehuset
  • Følgje opp barn, ungdom, foreldre og søsken gjennom individuelle tiltak og gruppetilbod

Kvalifikasjonar

  • 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning med relevant vidareutdanning som til dømes helsesjukepleiar, familieterapeut, kognitiv terapi, eller anna relevant vidareutdanning
  • Kompetanse på relevante, evidensbaserte metodar, t.d COS, ICDP, ART, Marte Meo og Cool Kids
  • Kompetanse om psykisk helse slik at du kan utvikle tiltak med grunnlag i faglege vurderingar

Personlege eigenskapar

Evne til å jobbe sjølvstendig og i team

Kompetanse på samtalar med barn, ungdom og vaksne

Høg arbeidskapasitet og evne til å stå i utfordringar over tid

God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Fleksibel areidstidsordning

Utfordrande og meininggsfylte arbeidsoppgåver i eit kompetent fagmiljø

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Hilde Nødset, Tenesteleiar familiehuset, +47 979 91 071

Arbeidsstad

Grandavegen 9 6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune Referansenr.: 5160468639 Stillingsprosent: 100% Engasjement Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 15.09.2026

Lignende stillinger

Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026