Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Er du sjukepleiarstudent ? Jobb eit år - få bonus !

Herøy Kommune, Pleie- Og Omsorgsavdelinga · Herøy (møre Og Romsdal), Møre Og Romsdal

AnnetDeltid5 stillingerOffentligHelse og sosialFrist 16.10.2026

Om stillingen

Vi søker engasjerte sjukepleiarstudentar som ønska verdifull erfaring og eit ekstra løft i studietida. No tilbyr vi ei eiga stilling med bonusordning for deg som vil jobbe hos oss i eitt år!

Herøy kommune tilbyr stipend på 30 000 kr årleg til studentar som går 1., 2. eller 3. året. Avtalen gjeld for eit år i gongen, og stipendet blir utbetalt som eit eingongsbeløp når avtaleperioden er over. For å få stipend må den tilsette jobbe tolv helgar i året og fem veker om sommaren i hovudferieavviklinga.

Det er ledige stillingar, på Herøy omsorgssenter raud, Eggesbøtun og Myrvåg seksjon A

Arbeidsoppgåver

  • helse -og omsorgsoppgåver tilpassa kompetanse i utdanningsløp

Kvalifikasjonar

  • er i eit utdanningsløp innan sjukepleie eller vernepleie
  • erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • likar å arbeide med menneske
  • ønsker å samle praktisk erfaring under utdanning
  • samarbeider godt i team
  • er strukturert og lærevillig
  • er løysingsorientert og fleksibel

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • kommunen har eigen lønsstige til studentar i relevant utdanningsløp
  • pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse

Informasjon til søkar:

  • kommunen har stipendordning med 30.000 kroner som eingongssum
  • du må binde deg til å arbeide i heil stilling i fem veker i hovudferien (juni til august) og minimum tolv helgar i året (to til tre av helgene må vere i hovudferien)
  • det er ikkje mogleg å inngå avtale for delar av perioden
  • ved brot på avtalen fell stipendet bort
  • dersom du sluttar på studiet, fell stipendet bort
  • ved alt fråvær må vaktene jobbast inn igjen
  • arbeidsgivar tildeler arbeidsstad etter behov

Tilsetting på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Gry Dragsund-Vike, Avdelingsleiar, +47 98075478

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5B 6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune Referansenr.: 5175598528 Stillingsprosent: 13% Anna

Søk på jobben
Søk senest 16.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

Sykepleier til sykehjem i Møre og Romsdal
Konstali Helsenor AS · MØRE OG ROMSDAL

Konstali Helsenor søker sykepleier til vikariat ved sykehjem i Møre og Romsdal, heltid fra 14. oktober 2026.

VikariatHeltidHelse og sosial