Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Barne- og ungdomsarbeider
Hauge Oppvekst, Bremanger Kommune · Bremanger, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Hauge oppvekst søker en 50 % vikar som barne- og ungdomsarbeidar ved Hauge skule for skuleåret 2026-2027. Stillinga inneber å vere ein trygg vaksen for elevane i skulekvardagen og på SFO, handtere utfordrande situasjonar profesjonelt og samarbeide tett med kollegaer og fagpersonar. Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønska, men andre med relevant erfaring eller kompetanse blir også oppmoda om å søkje. Arbeidsstad er Bremanger kommune, Vestland.
Om arbeidsgiveren
Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter i Bremanger kommune som består av Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule, ein barne- og ungdomsskule med 94 elevar. Verksemda jobbar etter PALS-modellen med fokus på trygt miljø, felles reglar og klasseleiing. Som ein del av kommunal sektor tilbyr arbeidsgivaren fleire lokale ordningar for tilsette, mellom anna hjelp til bustad og barnehageplass, rekrutteringstilskot og pensjonsordning gjennom KLP.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 17.08.2026.
Om stillingen
Hauge oppvekst har ledig eit 50 % mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar på Hauge skule skuleåret 2026-2027. Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter som består av Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule som er ein barne- og ungdomsskule med 94 elevar. Vi er eit oppvekstsenter som jobbar etter PALS-modellen. Dette er med på å gjere oss gode i arbeidet med å skape eit trygt miljø for barn i barnehagen og elevar i skulen. Vi jobbar systematisk med felles reglar, ros og god klasseleiing. Inkluderande barnehage- og skulemiljø , psykisk helse og godt samarbeid med heimen er sentrale tema hos oss.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg vaksen i barna sin skulekvardag og på SFO
- Handtere utfordrane situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
- Samarbeide tett med kollegaer og fagpersonar
Kvalifikasjonar
- Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeider Andre med relevant erfaring eller kompetanse blir også oppmoda om å søkje.
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Gode norsk-kunnskaper
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
- Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Kåre Magne Moe, Driftssjef, +47 95982948
Arbeidsstad
Bjørsvika 1 6727 Bremanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5160529415 Stillingsprosent: 50% Vikar Søknadsfrist: 17.08.2026
Lignende stillinger
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.
Omsorgsgruppen AS søker 5 beredskapshjem på heltid i Akershus for barn og unge i akutte omsorgssituasjoner.