Energimontørar til Askvoll, Florø og Bremanger
Linja AS · Kinn, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Linja AS søker 3 energimontørar til fast stilling på heltid, i Askvoll, Florø og Bremanger. Arbeidet omfattar daglig drift, inspeksjonar, vedlikehald og fornying av nettanlegg (kabel/linje opp til 132 kV), samt deltaking i selskapets beredskap og rettleiing av lærlingar. Krav er fagbrev som energimontør eller anna elektrofag, erfaring med bygging/drift/vedlikehald av nettstasjonar og linje-/kabelanlegg, samt førarkort klasse B (klasse BE er ønskeleg).
Om arbeidsgiveren
Linja AS avd. Florø er ein underenhet innan distribusjon av elektrisitet, med 53 tilsette ved denne eininga. Linja er eit av dei største nettselskapa i landet og forsyner over 100 000 kundar med straum, med 275 tilsette totalt, inkludert 15 lærlingar. Selskapet driv straumnettet frå Askvoll i sør til Ålesund i nord.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 15. oktober 2026.
Om stillingen
Vi er mange i Linja som har ansvar for å byggje og drive straumnettet, mellom fjordar og fjell frå Askvoll i sør til Ålesund i nord. Det gjer det mogleg å bu, arbeide og drive eit nyskapande næringsliv her. Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi forsyner over 100 000 kundar med straum. Vi er 275 tilsette, inkludert 15 lærlingar.
Våre energimontørar har spennande arbeidsdagar, i dagleg drift og i beredskapssituasjonar. No styrker vi miljøet vårt med tre montørar, i Askvoll, Florø og Bremanger
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til dagleg drift, inspeksjonar, vedlikehald, fornying og kapasitetsauke i Linja sine nettanlegg, kabel/linje opp til 132 kV
- Deltaking i Linja sin beredskap
- Veilede og vere eit godt førebilete for våre lærlingar
Kompetanse
- Fagbrev som energimontør, alternativt andre fagbrev innan elektro som kan føre til energimontør
- Erfaring frå bygging, drift og vedlikehald av nettstasjonar og linje-/kabelanlegg
- Førarkort klasse B er eit krav, det er også ønskeleg med klasse BE
- Erfaring med bruk av digitale verktøy
- Gode HMS-haldningar
- Fleksibilitet, initiativ og samarbeidsevne er viktige eigenskapar
Vi kan tilby
- Godt og sikkert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Konkurransedyktige vilkår
- Jobb i eit spennande teknologiselskap
- Ein jobb med meining!
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk for mellom anna å verifisere opplysningar i CV og annan dokumentasjon. Bakgrunnssjekken blir utført av Semac etter at kandidaten er orientert om dette og har gitt sitt samtykke.
Lignende stillinger
Stubberud VVS i Oslo søker en rørlegger med svennebrev i fast heltidsstilling.
Temp Team Lillestrøm søker 2 billakkerere til vikariat på heltid hos en kunde i Follo, Akershus.
Temp Team i Lillestrøm søker 5 bilmekanikere til vikariat på heltid på Romerike, Akershus.
Futura Entreprenør i Akershus søker en erfaren tømrer på heltid, fast ansettelse, innen rehabilitering og ombygging.