Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Helsesjukepleiar ved Gol Helsestasjon – 100 % fast stilling - 2. gangs utlysning

Gol Kommune Helse Og Omsorg · Gol, Buskerud

FastHeltidOffentligHelse og sosial
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Gol Kommune Helse Og Omsorg.

AI-sammendrag

Om stillingen

Gol kommune Helse og omsorg lyser ut ei 100 % fast stilling som helsesjukepleiar ved Gol Helsestasjon, ved 1 ledig plass. Dette er andre gongs utlysning. Arbeidsstaden er Gol i Buskerud, og tenesta omfattar helsestasjon 0–5 år, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og jordmorteneste.

Arbeidsoppgåvene inkluderer helsefremjande og førebyggjande arbeid, helseundersøkingar, individuell oppfølging og vaksinering, samt tett samarbeid med føresette, barnehage, skule, PPT og barnevern. Stillinga inngår i eit tverrfagleg team som er i ferd med å samlokalisere seg med andre førebyggjande tenester for barn og unge, mellom anna psykisk helse.

Søkjar må vere offentleg godkjend sjukepleiar, helst med vidareutdanning som helsesjukepleiar, med god kjennskap til relevant lovverk og gode norskkunnskapar. Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge og tverrfagleg samarbeid.

Om arbeidsgjevaren

Stillinga er knytt til Gol kommune sitt helse- og omsorgstenesteområde, som del av den kommunale helsestasjons- og skulehelsetenesta. Dette er ein offentleg arbeidsgjevar innan helse og sosial-sektoren.

Søknad og frist

Søknadsfristen er 31. august 2026. Elektronisk søknadsskjema skal nyttast, og godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eventuelt intervju.

Annonsetekst

Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Gol kommune består av eit tverrfagleg og kompetent team som dekkjer helsestasjon 0–5 år, skulehelseteneste på barne- og ungdomstrinnet, helsestasjon for ungdom, jordmorteneste og Helsestasjon for Ungdom (HFU).

Vi arbeider helsefremjande og førebyggjande med mål om å sikre tryggleik, meistring og god helse gjennom heile oppveksten. Vi er i ferd med å samorganisere og samlokalisere oss med andre førebyggjande tenester for barn og unge, mellom anna psykisk helse.

Arbeidsoppgåver:

  • spennande oppgåver innan helsefremjande og førebyggjande arbeid med fokus på å skape tryggleik og trivsel for barn og unge
  • gjennomføre helseundersøkingar, individuell oppfølging og vaksinering i tråd med nasjonale retningslinjer
  • tett samarbeid med føresette, barnehage, skule, PPT, barnevern, kollegaer i Helse barn og unge og andre relevante samarbeidspartnarar
  • bidra til at tenesta følgjer lovverk, nasjonale faglege retningslinjer og god kommunal praksis
  • delta i tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • delta i den daglege drifta av tenesta som helsesjukepleiar/sjukepleiar
  • rapportering og samarbeid med verksemdsleiar

Kvalifikasjonar:

  • offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar
  • offentleg godkjend sjukepleiar kan òg søkje
  • andre relevante utdanningar kan bli vurderte
  • god kjennskap til relevant lovverk og nasjonale retningslinjer
  • gode digitale ferdigheter og systemforståing
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Vi ønsker at du har:

  • erfaring med arbeid med barn og unge, rettleiing
  • erfaring i frå tverrfagleg samarbeid
  • initiativ og tryggleik i rolla
  • struktur og er sjølvstendig
  • erfaring i frå helsestasjon eller skulehelseteneste
  • god systematikk og er utviklingsorientert
  • motiverande evner
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • engasjement for barn og unge si helse og utvikling

Personleg eignaheit blir vektlagt.

Vi tilbyr:

  • ei spennande og utviklande rolle i ei teneste i vekst
  • eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • moglegheit til å påverke fagleg retning og utvikling
  • gode pensjonsordningar
  • lønn etter avtale

Søknad:

Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand). Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse. Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden.

Søknadsfrist: 31.08.26

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Sykepleier til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial