Spesialpedagog/lærar/logoped
Høyanger Kommune Høyanger Skule/sfo · Høyanger, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Høyanger skule søker spesialpedagog, lærar eller logoped i fast 100 % stilling frå 01.08.2026. Stillingen er øremerkt ein elev med nedsett eller ingen høyrsel, og krev tilrettelagd undervisning. Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen med spesialpedagogikk er eit krav, eventuelt logoped med tilsvarande undervisningskompetanse. Erfaring med høyrsleutfordringar, teiknspråk og/eller teikn til tale er ønskeleg, det same er erfaring med flyktningar.
Om arbeidsgivaren
Høyanger skule er ei ordinær grunnskule i Høyanger kommune i Vestland, organisert som underenhet til offentleg forvaltning. Skulen har 66 tilsette. Kommunen profilerer seg som ein industri- og naturkommune med satsing på grønt skifte og sirkulærøkonomi.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 01.07.2026.
Om stillingen
Høyanger skule har ledig 100 % stilling frå 01.08.26. Stillinga er øyremerkt elev med nedsett eller ingen høyrsle, med behov for tilrettelagt undervisning.
Kvalifikasjonar:
• Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen, med spesialpedagogikk i fagkrinsen. Eventuelt logoped med undervisningskompetanse i grunnskulen.
• Det er ønskjeleg at søkjarar har erfaring frå arbeid med barn med høyrsleutfordringar, og kan teiknspråk og/eller teikn til tale.
• Det er nødvendig med kompetanse i grunnleggjande lese- og skriveopplæring, samt grunnleggjande matematikk.
• Erfaring med arbeid med flyktningar er ein fordel.
Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt :
• Ønskje og vilje til å tileigne seg ny kunnskap og ferdigheiter • God relasjonskompetanse • Positivitet • Fagleg engasjement • Fleksibilitet • Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr:
• Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt
• Høve til kompetanseutvikling
• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
• Lønn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Hjelp til å skaffe kommunal bustad
Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
Kvifor Høyanger?
• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Lignende stillinger
Nordlys Vikar søker helsesekretær/sykepleier til fastlegekontor i Rogaland, engasjement på heltid.