Fritidskontakt i Florø
Kinn Kommune · Kinn, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Kinn kommune søkjer ein fritidskontakt (tidlegare kalla støttekontakt) til Florø. Oppgåva er å hjelpe eit barn eller ein ungdom til ei meiningsfull fritid gjennom felles aktivitetar, til dømes idrett, friluftsliv, kreative aktivitetar eller sosialt samvær. Stillinga er eit engasjement på deltid (5 %), med 1 ledig stilling. Ingen spesialutdanning er nødvendig, men politiattest må leggjast fram før oppstart. Arbeidsstad er Fjordgata 1 i Florø.
Om arbeidsgjevaren
Stillinga er knytt til Florø Dagtilbod Miljøhuset, ei underining i offentleg forvaltning innanfor dagaktivitetstilbod tilpassa målgrupper, med 48 tilsette. Verksemda er ein del av Kinn kommune sitt tilbod innan bu og miljø, med ansvar for mellom anna avlastning og støttekontaktordninga.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 6. september 2026.
Om stillingen
Vil du gjere ein forskjell i livet til eit barn eller ein ungdom?
Har du eit engasjement, ein hobby eller litt tid til overs?
Då kan du vere akkurat den personen eit barn eller ein ungdom treng for å oppleve meistring, glede og gode opplevingar i kvardagen.
Fritidskontakt er det som tidlegare var omtalt som støttekontakt.
Dersom dette kan være noko for deg, skriv gjerne litt om dine interesser.
Arbeidsoppgåver
Fritidskontakt si viktigste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid.
Vi søkjer deg som er over 18 år og liker å delta på ulike aktiviteter.
Som fritidskontakt blir du ein trygg og positiv støttespelar som deler aktivitetar og interesser med barnet eller ungdommen. Det kan vere alt frå å: ⚽ Spele fotball eller vere med på trening 🎣 Fiske eller vere ute i naturen 🎨 Teikne, male eller drive med kreative aktivitetar 🎮 Spele spel eller utforske digitale interesser ☕ Ta ein prat over ein kakao eller gå ein tur
Det viktigaste er ikkje kva du gjer, men at du er ein vaksen som bryr seg, lyttar og skaper gode opplevingar saman med ein ungdom eller eit barn.
Kvalifikasjonar
Du treng ikkje spesialutdanning. Vi ser etter deg som:
er påliteleg og omsorgsfull har evne til å skape gode relasjonar ønskjer å bidra til inkludering og meistring kan setje av nokre timar i månaden
Du må ha tid til overs, evne til å sette deg inn i andre sin situasjon og ha lyst til å gjere noko meiningsfylt i samspill med andre.
Politiattest av nyere dato må fremlegges må fremlegges før oppstart.
Personlege eigenskapar
Du er ansvarsfull og glad i å være saman med andre menneske.
Du er trygg, kan kommunisere og likar å finne på aktivitetar.
Vi tilbyr
Rettleiing og oppfølging
Godtgjersle etter gjeldande satsar Ei meiningsfull oppgåve der du verkeleg utgjer ein forskjell Bli med og skap gode minner, nye moglegheiter og lysglimt i kvardagen for eit barn eller ein ungdom.
Kontaktinformasjon
Linda Lundebrekke, Tenesteleiar bu og miljø - miljøhuset/avlastning/støttekontakt, +47 45970806
Arbeidsstad
Fjordgata 1 6900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5166703997 Stillingsprosent: 5% Engasjement Søknadsfrist: 06.09.2026
Lignende stillinger
Nes videregående skole i Akershus søker 4 tilkallingsvikarer i deltidsvikariat til studieforberedende utdanningsprogram.
Ekspertundervisning søker 3 privatlærere i realfag til frilansoppdrag på heltid i Oslo.
Fagskolen Viken søker fast praksiskoordinator for helse og oppvekst på heltid — arbeidssted Fredrikstad, Kjeller eller Kongsberg.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.