Sjukepleiar
Sengepost Medisin 1 Snr, Helse Møre Og Romsdal Hf · Molde, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Sengepost Medisin 1 SNR ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) i Molde søkjer 1 sjukepleiar/spesialsjukepleiar i 100 % fast stilling. Seksjonen er ein sengepost for kreft, palliasjon og hematologi, der arbeidsoppgåvene omfattar kartlegging og gjennomføring av individuelt tilpassa tiltak i tett tverrfagleg samarbeid med mellom anna onkolog, hematolog, palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut. Det er moglegheit for fleksibel turnus med langvakter eller ordinære vakter. Ved interne omrokkeringar kan òg andre stillingsprosenter bli aktuelle.
Om arbeidsgiveren
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak i spesialisthelsetenesta som driv sjukehus i Møre og Romsdal, mellom anna SNR i Molde og Hjelset. Som del av den offentlege spesialisthelsetenesta er dette ein stor regional arbeidsgjevar med eit breitt fagmiljø. Sengeposten legg vekt på fagleg utvikling, internundervisning og faste fagdagar i turnus.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 16. august 2026.
Om stillingen
Ønskjer du ein jobb som verkeleg betyr noko? Då må du lese vidare!
Sengepost for kreft, palliasjon og hematologi ved SNR søkjer ein engasjert sjukepleiar/spesialsjukepleiar! Hos oss møter du pasientar med kreftsjukdom, hematologiske sjukdomar og behov for lindrande behandling. Du får ei viktig rolle i å ivareta både pasientar og pårørande gjennom krevjande og betydningsfulle livsfasar. Du får nytte heile breidda av sjukepleiefaget, utvikle kompetansen din og bli ein del av eit sterkt fagmiljø prega av samarbeid, omsorg og fagleg stoltheit.
Vi er ein sengepost i utvikling, med høgt fokus på kvalitet, fagleg vekst og eit godt arbeidsmiljø. Vi tilbyr mellom anna faste fagdagar i turnus, internundervisning og tett fagleg samarbeid med erfarne kollega. Her arbeider sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, legar og studentar tett saman i team, og vi samarbeidar dagleg med andre faggrupper for å gi pasientane den beste behandlinga.
Vi har ei ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli aktuelle. Ønskjer du ein anna stillingsprosent, oppmodar vi deg til å søkje og oppgi ønskja stillingsstorleik.
Vi tilbyr fleksibel turnus med moglegheit for å gå langvakter både på kvardagar og i helgar (kvar fjerde helg), eller ordinære vakter (kvar tredje helg) dersom det passar best.
Dersom du er sjukepleiar med interesse for kreft, palliasjon og hematologi, set pris på eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei meiningsfull pasientgruppe, håpar vi å motta ein søknad frå deg!
Vi gler oss til å høyre frå deg – kanskje er du vår nye kollega?
Arbeidsoppgåver
- Teamarbeid samen med sjukepleiarar, spesialsjukepleiarer, helsefagarbeidarar og blant annet onkolog, hematolog, palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut
- Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningsliner
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant videreutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggast
- Meistre norsk munnleg og skriftleg - minimum B2 nivå
- Kompetanse innan IT og bruk av digitale verkty
- Å være personlig egnet blir vektlagt ved ansettelse
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdommar
- Du er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
- Du er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Steinsland, Seksjonsleder, +47 97483801, ragnhild.steinsland@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 4 6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5156101324 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026
Lignende stillinger
WRK Bemanning søker 3 trygge voksne til deltidsoppdrag på barnevernsinstitusjoner i Vestfold.
Smil Tannlegesenter i Oslo søker 2 tannhelsesekretærer i faste heltid- og deltidsstillinger fordelt på fem klinikker.
Sunnfjord kommune søker nattevakt (80 %) og helgevikarar (20–25 %) til bufellesskap for utviklingshemmede i Vestland, fast deltid.
Plant Supervision Denmark ApS søker 10 EU-utdannede tannpleiere til faste heltidsstillinger hos ORIS Tandlægerne i Danmark.
WorkNorway Group AS søker intensivsykepleiere til kortvarige vikariater ved intensivavdeling og akuttmottak i Troms fra august 2026.