Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Fagsjukepleiar

Sunnylven Og Geiranger Distrikt, Stranda Kommune · Stranda, Møre Og Romsdal

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 6.12.2026

Annonsetekst

I Sunnylven distrikt er det 23 omsorgsbustadar og i Geiranger distrikt er det 9 omsorgsbustadar. Det blir gitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til bebuarane på omsorgsbustadane, i tillegg til eit varierande antal heimebuande.

Vil du vere med å styrkje fagkompetansen og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene?

Vi har ledig nyoppretta 100% fast stilling som fagsjukepleiar frå 01.03.2027

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som ønskjer å bidra til kvalitetsutvikling, kompetanseheving og kunnskapsbasert praksis i tenesta. Som fagsjukepleiar vil du vere ein viktig fagleg ressurs for medarbeidarar og avdelingsleiar. Du vil kombinere klinisk arbeid med fagutvikling, undervisning og rettleiing, og bidra til at tenesta utviklar seg i takt med framtidige behov.

Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.

Arbeidsstad vil vere i Sunnylven distrikt, men ein må pårekne å reise til Geiranger distrikt ved behov.

Kvifor velge oss:

  • Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
  • Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
  • God variasjon i oppgåver og utfordringar
  • Fokus på trivsel og arbeidsglede
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
  • Muligheit for vidareutdanning med støtte
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det bli vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige (helt eller delvis) for ein tidsavgrensa periode
  • Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
  • God fastløn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsoppgåver

Klinisk arbeid

  • Utføre ordinære sjukepleieoppgåver i turnus
  • Gi heilskapleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarar
  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med gjeldande lovverk og faglege retningslinjer
  • Bidra til gode relasjonar og samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre heilskaplege tenester
  • Bidra til at tenesta vert utført i samsvar med lovverk, kommunale føringar og fagleg forsvarleg praksis

Fagutvikling og kvalitetsarbeid

  • Bidra til utvikling, implementering og revisjon av rutinar, prosedyrar og faglege retningslinjer
  • Bidra til kunnskapsbasert praksis og kvalitetsforbetring i tenesta
  • Delta i arbeid med pasientsikkerheit og kontinuerleg forbetring
  • Bidra til utvikling av framtidsretta arbeidsmetodar og tenester
  • Medverke ved innføring og vidareutvikling av velferdsteknologiske løysingar

Undervisning og kompetanseheving

  • Planleggje og gjennomføre internundervisning og faglege kompetansetiltak i samarbeid med avdelingsleiar
  • Rettleie medarbeidarar i kliniske kvardagssituasjonar
  • Vere ein fagleg støttespelar i krevjande og komplekse pasientsituasjonar
  • Fremje refleksjon, læring og deling av fagkunnskap i personalgruppa

Dokumentasjon og pasientoppfølging

  • Rettleie medarbeidarar i dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande lovverk og faglege retningslinjer
  • Bidra til heilskapleg oppfølging av brukarar med samansette og komplekse helseutfordringar
  • Styrkje fokus på meistring, eigenomsorg og rehabiliterande arbeidsmetodar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Relevant klinisk erfaring frå kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta.
  • Erfaring med undervisning, rettleiing og kompetanseutvikling av medarbeidarar er ein fordel.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå fagutvikling og kvalitetsarbeid.
  • God digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B.
  • Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er strukturert, løysingsorientert og initiativrik
  • Er trygg i rettleiing og undervisning av kollegaer
  • Er tolmodig, empatisk og viser respekt for brukarane og pårørande sine ynskje og behov

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183

Arbeidsstad

Hellesyltvegen 17 6218 Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune Referansenr.: 5209137091 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.12.2026

Søk på jobben
Søk senest 6.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Sunnylven Og Geiranger Distrikt, Stranda Kommune

API og MCPGET /company/987764554/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/987764554/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "9f24142a-6d9b-4683-85c0-4b9616bffabe",
      "title": "Fagsjukepleiar",
      "municipal": "STRANDA",
      "application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "827f5b4b-8276-49f6-bc2f-652aa8d585ec",
      "title": "Helse og omsorg- helgevakt og tilkallingsvikarar",
      "municipal": "STRANDA",
      "application_due": "2026-12-31 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "987764554" })

Spør AI-assistenten

  • Hva er søknadsfristen for «Fagsjukepleiar» hos Stranda Kommune Sunnylven Omsorgssenter?
  • Ansetter Stranda Kommune Sunnylven Omsorgssenter flere i Stranda nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Stranda Kommune Sunnylven Omsorgssenter i akkurat nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Anaesthetic Nurse Wanted – Anaesthesia Unit 1
Aalborg Universitetshospital Syd

Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.

FastHeltidHelse og sosial
Frist 31.12.2026
Sunnylven Og Geiranger Distrikt, Stranda Kommune
Frist 6.12.2026
Søk på stillingen →