Sjukepleiar/vernepleiar
Øysteseheimen Langtidsavdeling · Kvam, Vestland
AI-sammendrag
Om stillinga
Øysteseheimen søkjer ein sjukepleiar eller vernepleiar til 1 fast stilling på 80 % (deltid). Stillinga er ledig frå 1. januar 2027, med oppstart etter avtale. Arbeidet er lagt til turnus med dag- og kveldsvakter og arbeid 3. kvar helg. Arbeidsstaden er Øystese i Kvam.
Hovudoppgåver er pasientoppfølging, medisinske prosedyrar, koordinering av pleieplanar, oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring, miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel, samt fagutvikling. Det krev norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. Nyutdanna og snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkje. Vidareutdanning i demens/geriatri eller erfaring frå eldreomsorg blir vektlagd. Det er også krav om gode norskkunnskapar og at ein kan arbeide sjølvstendig.
Det blir tilbode løn etter tariffavtale og lokalt lønnssystem, rekrutteringstillegg på kr 40 000 per år for sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling (forholdsmessig ved deltid), gode pensjons- og forsikringsordningar, opplæring og høve til vidareutdanning.
Om arbeidsgiveren
Øysteseheimen langtidsavdeling driv sjukehjemstenester og er ei undereining under Kvam herad, organisert som underenhet til næringsdrivande og offentleg forvaltning. Verksemda har om lag 75 tilsette og ligg sentrumsnært i Øystese. Avdelinga høyrer inn under avdeling for heildøgnstenester. Måla er å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom. Ingen regnskapstal er oppgitt.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 8. november 2026. Søknad med vitnemål og attestar sendast via Webcruiter. Ved tilsetjing skal politiattest utan merknader leggjast fram før tiltreding.
Annonsetekst
Me treng deg som er sjukepleiar/vernepleiar
- Øysteseheimen søkjer sjukepleiar eller vernepleiar til 80% fast stilling
- Ledig frå 1.januar 2027, oppstart etter avtale
- Stillinga er i turnus med arbeid på dag, kveld og 3.kvar helg
Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei andre tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Medisinske prosedyrar
- Koordinering av pleieplanar
- Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Nyutdanna/snart ferdig utdanna sjukepleiarar oppfordrast til å søkja
- Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid i eldreomsorg, vil dette bli vektlagd
- God kommunikasjonsevner
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Du må kunne arbeida sjølvstendig
- Gode samarbeidsevner
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet geriatri og demensomsorg
- Engasjert og positiv
- Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Ein arbeidstad i utvikling
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Anna Marie Frøseth, Gruppeleiar Øysteseheimen langtidsavdeling, 974 84 612
Arbeidsstad
Skårdalsvegen 20 5610 Øystese
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5192482449 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 24.11.2026
API og MCPGET /company/973953591/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/973953591/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "9e4fb898-f597-4518-98c1-21090aeac256",
"title": "Sjukepleiar/vernepleiar",
"municipal": "KVAM",
"application_due": "2026-11-24 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "973953591" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Sjukepleiar/vernepleiar» hos Øysteseheimen?
Ansetter Øysteseheimen flere i Kvam nå?
Hvilke andre stillinger lyser Øysteseheimen ut nå?
Lignende stillinger
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.