Bømlo bu- og helsesenter i Bømlo søkjer tilkallingsvikarar på deltid til pleie, kjøkken og reinhald.
Ledig fast stilling som nattevakt
Korttid/rehabilitering, Bømlo Kommune · Bømlo, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Bømlo kommune søker nattevakt i fast stilling ved avdeling for korttid og rehabilitering (KOR) på Bømlo Bu og helsesenter. Stillingen er på deltid (66,6 %), med årsturnus og arbeid kvar 3. helg, og krever autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar. Oppgavene omfatter heilskapeleg pleie, omsorg og medisinsk behandling, oppfølging av pasientar og pårørande, aktiv rehabilitering samt dokumentasjon i elektronisk journalsystem. Sjølv om stillinga er organisatorisk lagt til KOR, må ein rekne med å arbeide på alle avdelingar ved helsesenteret. Arbeidsstad er Bremnes i Bømlo kommune, med oppstart 01.11.2026.
Om arbeidsgiveren
Bømlo Bu- og helsesenter er en underenhet innen sykehjemstjenester, med 251 ansatte, og drives som en del av Bømlo kommunes offentlige forvaltning. Avdeling KOR har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og 1 lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapiteneste.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 9. august 2026. Ved tilsetting krevst politiattest etter helse- og omsorgstenestelova § 5-4, samt norskkunnskapar på minimum B2-nivå.
Annonsetekst
Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie på nattestid? Då kan du vere den nattevakta me ser etter ved avdelinga korttid og rehabilitering (KOR).
Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu og helsesenter (BBH) har ledig stilling på natt for sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3. helg. KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og stor variasjon i pasientgruppa. Pasientane kjem frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, som kan vere kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og 1 lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta.
Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit miljø der samarbeid, fagleg utvikling og pasientomsorg står i sentrum. Me har eit godt samarbeid med dei andre avdelingane ved BBH på natt. Sjølv om stillinga organisasjonsmessig er lagt under KOR, så må ein pårekne å arbeide på alle avdelingar på BBH.
Arbeidsoppgåver
- Utføre heilskapeleg pleie, omsorg og medisinsk behandling.
- Oppfylging av pasientar og pårørande.
- Aktiv rehabilitering.
- Dokumentasjon i elektronisk journalsystem.
- Samarbeid med legevakt og andre behov.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, og minimum ha bestått norskprøve på B2- nivå.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.
Personlege eigenskapar
- Du er trygg i rolla di og har evne til å arbeide sjølvstendig, samtidig som du trivs med tett samarbeid i eit tverrfagleg team.
- Du er fleksibel, løysingsorientert og handterer ein variert arbeidskvardag med ro og struktur.
- Du er god til å vurdere situasjonar, ta ansvar og setje i verk nødvendige tiltak – også i krevjande situasjonar.
- Du har eit ekte engasjement for pasientane sine behov, og bidreg aktivt til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysningar
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvalifiserte søkjarar om å søkje stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Isabel Knutsen.
Kontaktinformasjon
Isabel Knutsen, Avdelingsleiar KOR, 909 34 641, isabel.knutsen@bomlo.kommune.no Chatrin Pedersen Risøy, Avdelingsleiar Natt/reinhald, 474 52 732, chr@bomlo.kommune.no
Arbeidsstad
Leirdalen 25 5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5155198514 Stillingsprosent: 66,6% Fast Startdato: 01.11.2026 Søknadsfrist: 09.08.2026
Flere stillinger hos Korttid/rehabilitering, Bømlo Kommune
API og MCPGET /company/974542277/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974542277/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "a6cd597b-bffd-4438-9016-3252312fe4c9",
"title": "Tilkallingsvikarar",
"municipal": "BØMLO",
"application_due": "2026-12-18 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974542277" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Ledig fast stilling som nattevakt » hos Bømlo Bu- Og Helsesenter?
Ansetter Bømlo Bu- Og Helsesenter flere i Bømlo nå?
Hvilke andre stillinger lyser Bømlo Bu- Og Helsesenter ut nå?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Allcare Solutions søker 1 fagutviklingssykepleier/nestleder i hjemmetjenesten i Nord-Troms, fast heltid, med 80 000 kr over tariff.
Konstali Helsenor søker sykepleier til heltids vikariat i hjemmetjenesten i Innlandet, fra 16. november 2026 til 31. januar 2027.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.