Universitetet i Bergen lyser ut 2 stipendiatstillinger på heltid ved European University Institute i Firenze, åremål på 3 år.
Lærar
Meling Skule · Bømlo, Vestland
AI-sammendrag
Om stillingen
Meling skule søker 2 lærarvikarar på heltid (100 %) i vikariat frå 4. januar 2027 til 18. juni 2027. Det er i hovudsak behov for kortare vikariat og vikariat på inntil eit halvt år, både i heile og reduserte stillingar fram til sommarferien. Arbeidsstaden er Bømlo kommune.
Vikaren skal undervise i ulike fag på alle trinn i barneskulen, og kan vere kontaktlærar, faglærar eller spesialpedagog. Oppgåvene omfattar å følgje opp elevane si faglege og sosiale utvikling, skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø, tilpasse opplæringa til den enkelte elev og samarbeide med kollegaer, leiing, føresette og hjelpetenester.
Det blir kravd godkjend lærarutdanning og undervisningskompetanse i minst eitt av faga matematikk, norsk, engelsk, andre undervisningsfag eller spesialpedagogikk. Erfaring med barn er ein fordel. Òg søkjarar utan full kompetanse kan vere aktuelle som vikarar. Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Om arbeidsgiveren
Meling skule er ein barneskule for 1.–7. trinn innan ordinær grunnskoleundervisning, registrert som underenhet til næringsdrivende og offentlig forvaltning, under Bømlo kommune. Skulen har 42 tilsette i registeret og om lag 198 elevar. Han har eigen SFO-base, eit stort uteområde, ein nyare paviljong med to moderne klasserom og kort veg til turløyper, og legg vekt på fysisk aktiv læring og uteskule. Det er ikkje oppgitt omsetning eller resultat, noko som er vanleg for ein offentleg skule.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 4. desember 2026. Søkjarar blir førte opp på offentleg søkarliste.
Annonsetekst
Meling skule har ledige undervisningsvikariat frå 4. januar 2027.
Me søkjer deg som vil vera ein del av eit inkluderande fellesskap der me arbeider saman for at elevane skal oppleva respekt, tillit og tydelege forventningar i eit trygt og motiverande læringsmiljø. Det er i hovudsak behov for kortare vikariat og vikariat på inntil eit halvt år, i både heile og reduserte stillingar fram til sommarferien.
Meling skule er ein barneskule for 1.–7. trinn med 198 flotte elevar og 36 engasjerte tilsette. Skulen ligg fint til i bygda Meling og har gode klasserom, arbeidsrom og personalfasilitetar, eigen SFO-base og eit stort uteområde. Deler av skulen er oppussa og i skulegarden har me òg ein nyare paviljong med to store og moderne klasserom.
Med kort veg til turløyper og natur har me gode føresetnader for fysisk aktiv læring og uteskule, noko me legg stor vekt på i skulekvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Lærarvikar: Undervisning i ulike fag på alle trinn i barneskulen
- Kontaktlærar/faglærar/spesialpedagog
- Følgja opp elevane si faglege og sosiale utvikling
- Skapa eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
- Tilpassa opplæringa til elevane sine føresetnader og behov
- Samarbeida med kollegaer, leiinga, føresette og aktuelle hjelpetenester
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse i minst eit av desse faga: matematikk, norsk, engelsk samt i andre undervisningsfag og spesialpedagogikk
- Erfaring frå undervisning eller anna arbeid med barn er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
- Personar som ikkje fyller kompetansekrava kan òg vere aktuelle som vikarar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Personlege eigenskapar
- God klasseleiar- og relasjonskompetanse
- Utviklingsorientert og samarbeidsvillig
- Fleksibel og kan tilpassa deg endringar i skulekvardagen
- Bidra til eit godt profesjonsfellesskap og arbeidsmiljø
- Arbeider sjølvstendig, strukturert og ansvarsfullt
- Ein trygg og tydeleg vaksen med eit inkluderande elevsyn
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Katrine Hausberg.
Kontaktinformasjon
Katrine Hausberg, Rektor Meling skule, 958 35 391
Arbeidsstad
Melingsheio 20 5430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune Referansenr.: 5212935514 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 18.06.2027 Søknadsfrist: 04.12.2026
API og MCPGET /company/975281302/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/975281302/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "9dcfe4eb-425e-44b2-ac22-8d756c852aa4",
"title": "Lærar",
"municipal": "BØMLO",
"application_due": "2026-12-04 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "975281302" })Spør AI-assistenten
Ansetter Meling Skule flere i Bømlo nå?
Hvilke andre stillinger lyser Meling Skule ut nå?
Hva er søknadsfristen for «Lærar» hos Meling Skule?
Lignende stillinger
Nestwork, et bemanningsselskap, søker 3 barnehageassistenter til vikariat på deltid i Egersund, med fleksible arbeidstider.
Hvam videregående skole (Akershus fylkeskommune) i Nes søker lærer i naturbruk med realfag og teknologi, heltid, fast ansettelse.
Norskling i Oslo søker norsklærer med polskkompetanse til frilansoppdrag på deltid, undervisning via Zoom på hjemmekontor.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.