Hopp til innhold
NyttNæringslivsrapport for oktoberLes mer →

Helsefagarbeidar

Bremanger Sjukeheim, Bremanger Kommune · Bremanger, Vestland

FastHeltidOffentligHelse og sosialFrist 8.12.2026

Annonsetekst

Er du helsefagarbeidar og på jakt etter ein jobb der du får brukt både fagkunnskap, omsorg og samarbeidsevner? På Bremanger sjukeheim har vi no ledig ei fast 100% helsefagarbeidarstilling i bemannigsbasen, og vi ønskjer oss ein kollega som vil vere med og skape gode dagar for pasientane våre.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du lærer mykje på kort tid. Sjukeheimen har 35 bueiningar fordelt på tre avdelingar – ei av dei er spesielt tilrettelagt for personar med demens, og vi har også eit lindrande rom. Du blir ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og som set pris på humor, støtte og gode kollegaer.

Vi jobbar i årsturnus, og du får vere med og påverke både arbeidstid og fritid.

Arbeidsoppgåver

Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.

Du vil mellom anna:

  • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane
  • Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov
  • Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske
  • Vurdere og ivareta individuelle behov
  • Delta i ressursgrupper og fagutvikling
  • Dokumentere, rettleie og undervise

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel
  • Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers
  • Omstillingsdyktig og løysingsorientert
  • Politiattest av nyare dato
  • Beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein helsefagarbeidar som møter pasientane med varme, tryggleik og fagleg nysgjerrigheit. Du trivst med menneske, og du ønskjer å bruke kompetansen din til det beste for kvar enkelt pasient. Arbeidskvardagen hos oss er variert, og du må kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og tilpasse deg nye situasjonar.

Du jobbar godt sjølvstendig, men set også pris på å vere ein del av eit lag som støttar kvarandre. Serviceinnstilling, samarbeidsevne og personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/ I tillegg får du:
  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
  • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
  • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Kontaktinformasjon

Evy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944

Arbeidsstad

Gamlevegen 59 6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune Referansenr.: 5214573460 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.12.2026

Søk på jobben
Søk senest 8.12.2026
Søk på stillingen →

Flere stillinger hos Bremanger Sjukeheim, Bremanger Kommune

API og MCPGET /company/975299295/stillinger

API

curl "https://api.sokfirma.no/company/975299295/stillinger" \
  -H "Authorization: Bearer sk_api_..."

Svar (utdrag)

{
  "agg": null,
  "total": 2,
  "hits": [
    {
      "uuid": "40cbcf09-bd7f-42ef-8539-0154f49e715c",
      "title": "Sjukepleiar",
      "municipal": "BREMANGER",
      "application_due": "2026-12-08 00:00:00+00",
      …
    },
    {
      "uuid": "9b37f9b6-0698-4d3b-8bdc-8aea645e550f",
      "title": "Helsefagarbeidar",
      "municipal": "BREMANGER",
      "application_due": "2026-12-08 00:00:00+00",
      …
    }
  ]
}

MCP

get_company_stillinger({ "org_no": "975299295" })

Spør AI-assistenten

  • Ansetter Bremanger Sjukeheim flere i Bremanger nå?
  • Hvilke typer roller ansetter Bremanger Sjukeheim i akkurat nå?
  • Hvilke andre stillinger lyser Bremanger Sjukeheim ut nå?
Kom i gang med API og MCP →

Lignende stillinger

Sykepleier til hjemmetjeneste i Vestland
Konstali Helsenor AS · VESTLAND

Konstali Helsenor søker 1 sykepleier til vikariat i hjemmetjenesten i Vestland, heltid, fra 30. november 2026 til 15. januar 2027.

VikariatHeltidHelse og sosial
Sykepleier søkes til oppdrag på Vestlandet
Emploi Helse AS · VESTLAND

Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.

VikariatHeltidHelse og sosial
Bremanger Sjukeheim, Bremanger Kommune
Frist 8.12.2026
Søk på stillingen →