Vindafjord kommune søker soneleder til heimetenesta i indre sone, fast heltidsstilling for sykepleier med lederansvar.
Spanande stilling fordelt mellom Gnisten og Sandeid bufellesskap
Vindafjord Kommune Tilrettelagde Tenester · Vindafjord, Rogaland
AI-sammendrag
Om stillingen
Eit 100 % vikariat fordelt mellom Gnisten arbeids- og aktivitetssenter og Sandeid bufellesskap i Vindafjord kommune. Perioden er 15.08–31.12.2026 med moglegheit for forlenging. Arbeidet omfattar praktisk hjelp og bistand til brukarar med vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova, inkludert miljøarbeid, personleg bistand og dagtilbod. Turnusarbeid med dagvakter på Gnisten og kveld-/langvakter ved Sandeid, inkludert kvar tredje helg.
Kvalifikasjonskrav: norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Studentar innan helse og omsorg oppfordrast til å søkje. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg. Førarkort er påkravd.
Om arbeidsgiveren
Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester er ei offentleg verksemd som yter målretta miljøarbeid og omsorgstenester tilpassa enkeltmenneske. Tenestene er organiserte i tre avdelingar, der to er heildøgns-bemanna bufellesskap. Kommunen er ein trygg arbeidsgjevar med offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 3. juli 2026. Berre elektroniske søknadar vert tekne imot. Godkjent politiattest og utfylt egenerklæringsskjema for MRSA/tuberkulinstatus er krav før tiltreding.
Annonsetekst
Me har no ledig eit omlag 100% vikariat i perioden 15.08 til 31.12.2026 med moglegheit for forlenging. Stillinga er fordelt mellom Gnisten arbeids og aktivitetssenter og Sandeid bufellesskap.
Tilrettelagte tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlastning, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeids og aktivitetssenter. Det er tre avdelingar i tilrettelagte tenester. To av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.
Eining tilrettelagte tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg eigenmestring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.
Kva får du jobba med hos oss?
- Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukarenes behov.
- Fagarbeidar jobbar i team med miljøterapeutar og assistentar
- Arbeidet er turnus kombinert med ordinære dagvakter på Gnisten og kveld/langvakter ved Sandeid bufellesskap. Arbeid kvar tredje helg med langvakter.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Gratis parkering
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Studentar fortrinnsvis innan helse- og omsorg oppfordrast og til å søkje. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg, men ikkje eit krav.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Førarkort
Personlege eigenskapar:
- Evne til samarbeid
- Evne til å ta imot og gje rettleiing
- Evne til refleksjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass
- Fleksibilitet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Flere stillinger hos Vindafjord Kommune Tilrettelagde Tenester
API og MCPGET /company/989106791/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/989106791/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "5cd539eb-7d0d-401d-8bb2-5a6aaee3b8c0",
"title": "Soneleiar Heimetenesta indre sone",
"municipal": "VINDAFJORD",
"application_due": "2026-12-06 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "989106791" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «Spanande stilling fordelt mellom Gnisten og Sandeid bufelle…» hos Vindafjord Kommune Sentraladministrasjon?
Ansetter Vindafjord Kommune Sentraladministrasjon flere i Vindafjord nå?
Hvilke andre stillinger lyser Vindafjord Kommune Sentraladministrasjon ut nå?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor, vikarbyrå med 375 ansatte, søker 3 vernepleiere til heltidsvikariat i bolig i Nordland.
Emploi Helse AS søker 1 helsefagarbeider til vikariat på heltid ved et omsorgssenter på Vestlandet, des. 2026–feb. 2027.
Emploi Helse AS søker 1 sykepleier i vikariat på heltid til sykehjem og hjemmesykepleie på Vestlandet, 30.11.26–15.01.27.