Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang →

Kokk- ledig fast 80% stilling

Vestre Slidre Kommune · Vestre Slidre, Innlandet

FastDeltidReiseliv og matFrist om 1 dag

Om stillingen

Vestre Slidre helsetun har ledig 80% fast stilling på kjøkkenet.

Vi jobbar i team, med to til tre kokkar pr vekedag, og har dagturnus, med arbeid kvar fjerde helg. Vi har eit moderne kjøkken, og produserer mat til alle på helsetunet, samt til ein del heimebuande. Det er også mogleg å bestille catering frå oss. Vi har kantinedrift, som kjøkkenpersonalet har ansvar for, og denne er open alle vekedagar.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg matlaging
  • Dagleg reinhald
  • Baking
  • Distribusjon av middag til heimebuande

Kvalifikasjonar

  • Ernærings/diettkokk
  • Erfaring frå arbeid innan institusjonskjøkken er ønskeleg, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga, og på tvers med andre faggrupper
  • Fint med stor arbeidskapasitet
  • Evne til å skape framdrift åleine, og ilag med andre
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Personlig eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Bente Haugen, Tenesteleiar Vestre Slidre Helsetun, 99690622, bente.haugen@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16 2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune Referansenr.: 5183908896 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 05.10.2026

Søk på jobben
Søk senest 5.10.2026
Søk på stillingen →

Lignende stillinger

PUBVERT
Piccadilly · BODØ, NORDLAND
AnnetDeltidReiseliv og mat
Frist 24.10.2026