Skjåk kommune søker avdelingsleiar til fast heltidsstilling i Skjåk, med personalansvar i helse- og omsorgstenester.
100 % fast stilling som avdelingsleiar
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon · Skjåk, Innlandet
AI-sammendrag
Om stillingen
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon søkjer avdelingsleiar til Bismotunet bufellesskap i 100 % fast stilling. Rollen omfattar ansvar for fag, drift og personaloppfølging ved bufellesskapet, inkludert bemanningsplanlegging, journalansvar, opplæring etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, og bidrag til utvikling av meistringsteknologi. Avdelingsleiaren samarbeider tett med tenesteleiar og fungerer som stedfortredar ved fråvær. Stillinga er dagarbeid, med tiltreding frå august, og er lokalisert i Skjåk.
Om arbeidsgjevaren
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon er ei underavdeling i offentleg forvaltning innan generell offentleg administrasjon, med 19 tilsette. Kommunen driv helse- og omsorgstenester med satsing på meistringsteknologi og individuelt tilrettelagde tenester, og er ein del av den kommunale forvaltninga i Skjåk.
Søknad og frist
Søknadsfristen er 17.08.2026.
Annonsetekst
Vil du vere med og forme framtidas helse- og omsorgstenester i Skjåk? Vi søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar til Bismotunet bufellesskap. Her får du ei sentral leiarrolle med ansvar for fag, drift og utvikling -- i eit sterkt fagmiljø som satsar på meistring, kvalitet og ny teknologi.
Avdelingsleiar for Bismotunet bufellesskap
Vi treng ny avdelingsleiar for Bismotunet bufellesskap i 100% stilling, og søkjer ein trygg og engasjert avdelingsleiar som vil vere med og vidareutvikle tenestene -- både fagleg og organisatorisk. Stillinga er ledig frå august.
I Skjåk kommune arbeider vi aktivt for å utvikle framtidsretta helse- og omsorgstenester i takt med innbyggjarane sine behov. Vi har eit sterkt fagmiljø og eit moderne bufellesskap personar med behov for tilrettelagde tenester. Meistring, kvalitet og gode individuelle løysingar står sentralt i arbeidet vårt.
Vi er aktive i utviklinga av meistringsteknologi, og utforskar korleis teknologi kan støtte bebuarane si sjølvstende, tryggleik og deltaking i eige liv. Dette gir spennande moglegheiter for deg som leiar til å bidra i utviklingsarbeid.
Om stillinga
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å sikre gode tenester til bebuarane våre og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø for dei tilsette. Du har ansvar for dagleg drift, journalføring, samordning og leiing av tenesta, og fagleg kvalitet og personaloppfølging.
Du samarbeider tett med tenesteleiar om dagleg drift, bemanning og utvikling av tenestene, og er stedfortredar ved fråvær. Stillinga er for tida dagarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle avdelinga med fokus på meistring, kvalitet og gode tenester
- Planleggje og sikre forsvarleg drift og rett bemanning i samarbeid med tenesteleiar
- Følgje opp, rettleie og støtte fagansvarlege, samt samordne fagarbeidet
- Sikre god dokumentasjon og ivareta journalansvar
- Planleggje og gjennomføre opplæring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Ansvar for relevante fagsystem
- Leggje til rette for kompetanseutvikling og læring i avdelinga
- Bidra til utvikling og bruk av meistringsteknologi
- Samarbeide med helse- og omsorgstenester, skule, arbeidstilbod og spesialisthelsetenesta
- Bidra til eit arbeidsmiljø prega av tryggleik, faglegheit og respekt
- Andre oppgåver kan bli lagt til stilling
Kvalifikasjonar
- Relevant treårig høgskuleutdanning
- Leiarerfaring er ønskjeleg
- Erfaring frå arbeid med personar med samansette behov er ønskjeleg
- Erfaring i arbeid med og kjennskap til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
- Førarkort klasse B
- Godkjend politiattest
Vi vektlegg
- at du er tydeleg, trygg og engasjert i leiarrolla
- at du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere medarbeidarar
- at du er strukturert, fleksibel og utviklingsorientert
- at du har interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
- at du har evne til og er fleksibel i høve til omstilling
- at du har god digital kompetanse og interesse for meistringsteknologi
Vi tilbyr
- tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettast til Kari Gjelbakken, telefon 45 34 39 53
Søknadsfrist 17.08.2026
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om Skjåk?
Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no.
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Flere stillinger hos Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Bu og meistring i Skjåk kommune søker 1 vernepleier i fast heltidsstilling, med søknadsfrist 22. november 2026.
API og MCPGET /company/974595532/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974595532/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 2,
"hits": [
{
"uuid": "91a69e29-db65-4c44-9c34-138f5abab634",
"title": "Fast stilling som avdelingsleiar",
"municipal": "SKJÅK",
"application_due": "2026-11-22 00:00:00+00",
…
},
{
"uuid": "974d454e-0d43-43f8-9e43-225086b48a86",
"title": "Fast stilling som vernepleier",
"municipal": "SKJÅK",
"application_due": "2026-11-22 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974595532" })Spør AI-assistenten
Hva er søknadsfristen for «100 % fast stilling som avdelingsleiar» hos Skjåk Kommune Sentraladministrasjon?
Ansetter Skjåk Kommune Sentraladministrasjon flere i Skjåk nå?
Hvilke typer roller ansetter Skjåk Kommune Sentraladministrasjon i akkurat nå?
Lignende stillinger
Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.
Nordlys Vikar søker én lege til vikariat i voksenpsykiatrisk poliklinikk i Nordland, heltid 11.11.–31.12.2026.