Me Group AS søker 1 møtebooker (B2B) på heltid, fast ansettelse, innen bedriftsrådgivning og rekruttering i Agder.
Rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk
Nav Lom Og Skjåk · Skjåk, Innlandet
AI-sammendrag
Om stillingen
NAV Lom og Skjåk søkjer ein rettleiar/sakshandsamar i 100 % fast stilling, med oppstart 1. september 2026. Kontoret ligg i Bismo i Skjåk kommune. Arbeidsoppgåvene spenner over heile kontorets fagfelt: arbeidsretta oppfølging, sjukefråværsoppfølging og økonomisk sosialhjelp. Konkret inneber jobben råd og rettleiing til jobbsøkjarar og arbeidsgjevarar, forvaltning av privatpersonar sin økonomi og tett samarbeid med helsevesen og andre aktørar. Noko reising må påreknast.
Om arbeidsgiveren
NAV Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, med Skjåk kommune som vertskommune. Kontoret har ni tilsette og er ein del av den offentlege forvaltningsstrukturen i Innlandet. Sentraladministrasjonen i Skjåk kommune, som er registrert eining, har 19 tilsette og driv generell offentleg administrasjon. Tilsetting skjer på kommunale vilkår med pensjonsordning i KLP.
Søknad og frist
Søknadsfrist er 26. august 2026. Søkjarlista vert offentleggjord. Kandidatar som ønskjer unntak frå offentlegheit må grunngi dette særskilt.
Annonsetekst
Vi søkjer rettleiar/sakshandsamar ved Nav Lom og Skjåk i 100 % stilling.
Nav Lom og Skjåk er eit partnarskap mellom stat, Lom kommune og Skjåk kommune, der Skjåk kommune er vertskommune. Kontoret har ni tilsette og er lokalisert i Bismo.
Stillinga er ledig frå 01.09.26.
Om stillinga
- Råd og rettleiing innanfor for eksempel aktivitet og arbeid, økonomi og førebygging av sosiale vanskar.
- Engasjere og motivere både jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnerar.
- Vere aktiv i høve til at flest mogleg oppnår sitt mål om til tilknyting til arbeidslivet.
- Samarbeide og finne gode løysingar med kollegaer, arbeidsgjevarar, helsevesen og andre involverte.
- Handtere fleire datasystem for å løyse Nav sine oppgåver i hovudsak økonomisk sakshandsaming og rettleiing.
Arbeidsoppgåver:
Kontoret er i starten av eit fagleg utviklingsarbeid, for å gjere oss mindre sårbare ynskjer vi at tilsette håndterer alle våre arbeidsfelt; arbeidsretta, sjukefråværsoppfølging og økonomisk sosialhjelp. Her kan det bli endring i arbeidsoppgåver.
- Tett samarbeid med andre aktørar i samfunnet.
- Forvaltning av private personar sin økonomi.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant utdanning frå høgskule/universitet.
- Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Digitalkompetanse og evne til å setje seg inn i nye arbeidsmetodar.
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
- Førarkort klassse B.
Vi vektlegg at du
- ynskjer spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver med mål om å løyse eit viktig samfunnsoppdrag
- har evne til å arbeide målretta
- har evne til å arbeide i team
- er sjølvstendig i planlegging og drift av eigen arbeidskvardag
- har gode servicehaldningar samt god kommunikasjonsevne
- har gode samarbeidseigenskapar, er fleksibel og har gode evner til omstilling
- har kjennskap til arbeidsmarknaden, utdanning og Nav sine tenester
- er fleksibel og har godt humør
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Ein må rekne med noko reising som ein del av jobben. Ynskjer du meir informasjon om Nav - gå inn på nav.no.
Vi tilbyr
- tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
- pensjonsordning i KLP
Spørsmål kan rettast til Gudrun Teigen, konstituert leiar Nav Lom og Skjåk, mob. 95982598 e-post: gudrun.teigen@NAV.no
Søknadsfrist 26.08.2026
Skjåk kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Lignende stillinger
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicemedarbeidere på heltid til arbeid i Hellas, med flyttepakke.
Jobs By Nordics AB søker 5 norskspråklige kundekonsulenter til veihjelp på heltid i Torrevieja, Spania. Frist 16. desember.
Jobs By Nordics AB søker 5 norsktalende kundeservicekonsulenter på heltid til veihjelp i Fuengirola, Spania.
NG Nordic søker en forretningsassistent for CEO i Oslo, fast heltidsstilling i et nordisk miljø- og gjenvinningskonsern med 3 400 ansatte.
Nordens välfärdscenter i Stockholm søker én verksamhetsledare på heltid, tidsbegrenset i 12 måneder til 2 år.