Miljødirektoratet i Trondheim søker rådgivar til internasjonalt miljøsamarbeid, fast heltidsstilling.
Seksjonsleiar - utvikling og teknologi
Miljødirektoratet · Trondheim, Trøndelag
AI-sammendrag
Om stillingen
Miljødirektoratet søker ein fast tilsett seksjonsleiar for den nyoppretta seksjonen for utvikling og teknologi. Dette er ei heltidsstilling med base i Trondheim eller Oslo. Du vil ha personal- og fagansvar for eit team på 8–10 medarbeidarar, med mål om å vekse til rundt 15 fast tilsette. Stillinga inneber å byggje opp eit internt utviklingsmiljø, ta overordna ansvar for systemarkitektur og teknologiske vegval, og leie arbeidet med å utforske KI og automatisering. Du rapporterer til avdelingsdirektør og inngår i ei leiargruppe med 7 seksjonsleiarar. Lønnsspennet er kr. 1 000 000–1 200 000. Søknadsfrist er 10. august 2026.
Om arbeidsgiveren
Miljødirektoratet er ein statleg etat med 521 ansatte, organisert som underenhet til offentleg forvaltning innanfor offentleg administrasjon knytt til mellom anna miljø og samfunnsoppdrag. Direktoratet forvaltar ei rekke skreddarsydde IT-produkt og er no i ein strategisk overgang frå å bruke eksterne konsulentar til å byggje opp eit eige kompetansemiljø med interne utviklarar – noko som gjer denne stillinga sentral i ein viktig organisatorisk og teknologisk endringsprosess.
Søknad og frist
Søknadsfrist: 10. august 2026.
Om stillingen
Om stillinga
Har du erfaring med å leie utviklingsarbeid? Synest du det er spennande å bevege organisasjonar i retning av å jobbe produktorientert? Veit du kva som skal til for å utvikle moderne, effektive og trygge løysingar på.net, powerplattform og andre rammeverk? Og har du i tillegg erfaring frå å leie flinke folk? Ja då er det deg vi ser etter i den nyoppretta stillinga vår som leiar for Utvikling og teknologiseksjonen!
I Miljødirektoratet har vi mange skreddarsydde IT-produkt som vi bruker til å løyse oppgåvene i samfunnsoppdraget vårt. Fram til no har vi nytta oss av konsulenthus i systemutviklinga, medan strategien vår no er å byggje opp eit kompetansemiljø med internt tilsette utviklarar. Vi søkjer derfor etter ein trygg og tydeleg leiar som vil byggje opp den nye seksjonen vår for utvikling, teknologi og KI. Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom teknologi, menneske og forretning. Du evnar å sjå heilskapen, ta gode tekniske avgjerder og samtidig bidra operativt når det trengst. Du blir motivert av å byggje produkt som skaper reell verdi for kundane, og du ser moglegheitene som ligg i ny teknologi og kunstig intelligens.
Vi tenkjer at du har bakgrunn anten som systemutviklar, arkitekt eller Tech Lead, er pragmatisk og løysingsorientert, og er ein som forstår at dei beste løysingane er dei som skaper størst verdi for brukarane og verksemda. Vi står framfor ei spennande utvikling der AI og automatisering vil spele ei stadig viktigare rolle. Vi ser derfor etter ein person som ønskjer å utforske korleis kunstig intelligens kan bidra til smartare produkt, meir effektive arbeidsprosessar og nye moglegheiter i Miljødirektoratet.
Seksjonen vil inngå i den nye avdelinga for Digitalisering og teknologi. Du vil rapportere til avdelingsdirektør og vere del av ei leiargruppe saman med 7 seksjonsleiarar som jobbar med ulike fag innanfor digitalisering og IT. Du vil ha personal- og fagansvar for eit eksisterande team på 8-10 medarbeidarar. Seksjonen har i dag flest innleigde konsulentar. Ei viktig oppgåve for deg vil derfor vere å tilsetje medarbeidarar som har kompetansen vi treng og vidareutvikle seksjonen vidare.
I Miljødirektoratet er vi opptekne av god leiing i staten og vi gjennomfører derfor regelmessige aktivitetar for å styrkje leiarskapen. Hos oss vil du få høve til å utvikle kompetanse og leiarskap.
Seksjonen har medarbeidarar både på Brattøra i Trondheim og på Helsfyr i Oslo, reising må påreknast. Denne stillinga har base i enten Trondheim eller Oslo.
Stillingas hovudansvarsområda
- faglig leie og vidareutvikle den nye seksjonen som vil romme ca. 15 dyktige tilsette
- sikre nok kapasitet til å gjennomføre viktige oppgåver
- videreutvikle systemutvikling, arkitektur og metodikk
- ha overordna ansvar for systemarkitektur og teknologiske vegval
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- du har relevant master, eller bachelor med jobberfaring som kompenserer for utdanningskravet på masternivå
- du har erfaring frå å leie team og som Tech Lead, arkitekt eller senior utviklar
- du veit kva som skal til for å utvikle med bra kvalitet, god utviklingsflyt og kontinuerleg forbetring av arbeidsmetodar og utviklingspraksis
- du har erfaring frå å utforske, evaluere og implementere relevante AI-løysingar og innovasjonstiltak
Det er ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning.
Eigenskapar
- du har gode samarbeidsevner og heilskapsblikk
- du må evne til å utfordre tekniske miljø og stå trygt i komplekse tekniske diskusjonar
- du vil vere ein viktig sparringspartnar og mentor for utviklarane i teamet
- du trivst med og blir motivert av å byggje team og fagmiljø
- du er nysgjerrig og evnar å balansere strategisk arbeid med operativ gjennomføring
Vi tilbyr
- Fast stilling som seksjonsleiar med lønn i spennet frå kr. 1 000 000 til kr. 1 200 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifisert søkjar kan vurderast noko høgare.
- ein spennande og utfordrande leiarjobb
- ei meiningsfull rolle i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er avdelingsdirektør Linda Jacobsen som kan kontaktast på linda.jacobsen@miljodir.no
Spørsmål om søknadsprosessen kan også stillast til seniorrådgivar HR Thomas Yri på telefon 92 83 42 77.
Ved henvendelser, oppgi referansenummer: 64-2026 DIT
Generelle opplysninger
Du søker på stillingen via Jobbnorge.no. Du skriver søknaden på norsk, og legger ved relevante attester og vitnemål for utdanning tatt i utlandet. Vitnemål for utdanning tatt i Norge må du laste opp fra Vitnemålsportalen.
Søkerlistene blir offentlige når søknadsfristen har gått ut. Ønsker du å bli unntatt fra den offentlige søkerlisten, så må du begrunne hvorfor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikke tar ønsket ditt til følge, og du får mulighet til å trekke søknaden din.
Vi oppfordrer deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn. Vi innkaller minst én kvalifisert søker fra hver av disse gruppene til intervju. Du kan lese mer om dette på Statens arbeidsgiverportal. Avkrysningen brukes også til anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i årsrapportene sine.
Mer informasjon om hvordan vi behandler opplysninger om deg som søker, kan du finne i personvernerklæringen vår.
Flere stillinger hos Miljødirektoratet
Miljødirektoratet i Oslo søker én overingeniør til fast heltidsstilling innen IT-brukerstøtte for ca. 1 100 brukere.
Miljødirektoratet i Trondheim søker én rådgiver/seniorrådgiver innen naturrestaurering og verneområdeforvaltning, fast heltid.
Lignende stillinger
Arexa søker sikkerhetstekniker i Innlandet til fast, heltids stilling innen tekniske sikkerhetsanlegg.
GSN Graveservice Nord i Finnmark søker maskinfører til fast heltidsstilling innen grunnarbeid.
Antho AS i Østfold søker montør til rullestol ramper, 1 års vikariat på heltid.
Steinar Kvisler AS i Østfold søker 2 hjelpearbeidere til betongfaget, fast heltidsstilling.
Kristiansen Kran & Transport i Moss søker kranfører til gassbil, fast heltidsstilling.
DESMI Pumping Technology søker en Senior Automation Manager i Nørresundby, Danmark, fast heltidsstilling.