Nordlys Vikar søker 1 lege til vikariat på heltid ved et fastlegekontor nær Lofoten, oppstart uke 48.
50 % fast stilling som behandlar
Sogndal Bup, Helse Førde · Sogndal, Vestland
Annonsetekst
Sogndal BUP har ledig 50 % fast stilling for behandlar med pedagogisk og/eller helse- og sosialfagleg kompetanse. Ønskt oppstart 01.01.2027, eller etter nærare avtale.
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge er delt i fire seksjonar; ein sengepost og tre poliklinikkar.
Sogndal BUP er samlokalisert med Indre Sogn psykiatrisenter, og er ein del av eit stort fagmiljø innan psykisk helsevern. Vi tilbyr polikliniske spesialisthelsetenester til barn, unge og familiar i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Sogndal BUP har erfarne medarbeidarar og god spesialistdekning. Vi vektlegg trivsel og fellesskap, og har eit positivt arbeidsmiljø prega av høg fagleg kvalitet og rom for fagleg fordjuping.
Den som får tilbod om tilsetjing må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med psykiske vanskar
- Samarbeid og rettleiing til samarbeidspartar
- Delta i fag- og kompetanseutvikling
- Det må påreknast noko reiseverksemd
Kvalifikasjonar
- Grunnutdanning som lærar eller helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning (til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller sjukepleiar)
- Relevant mastergrad
- Erfaring med poliklinisk arbeid i psykisk helsevern for barn og unge
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Gode samarbeidsevner
- Motivasjon og interesse for fag- og utviklingsarbeid
Ved vurdering av søkjarar til stillinga, vil personlege eigenskapar bli tillagt vekt.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eili Nygard Riise, Seksjonsleiar, (+47) 576 27 500
Arbeidsstad
Dalavegen 29 6856 Sogndal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde Referansenr.: 5211236029 Stillingsprosent: 50% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 01.12.2026
API og MCPGET /company/974571005/stillinger
API
curl "https://api.sokfirma.no/company/974571005/stillinger" \ -H "Authorization: Bearer sk_api_..."
Svar (utdrag)
{
"agg": null,
"total": 1,
"hits": [
{
"uuid": "95cec839-f827-4c8e-b1a0-d9f8c3c75252",
"title": "50 % fast stilling som behandlar ",
"municipal": "SOGNDAL",
"application_due": "2026-12-01 00:00:00+00",
…
}
]
}MCP
get_company_stillinger({ "org_no": "974571005" })Spør AI-assistenten
Hvilke andre stillinger lyser Helse Førde HF Sogndal Bup ut nå?
Hva er søknadsfristen for «50 % fast stilling som behandlar » hos Helse Førde HF Sogndal Bup?
Ansetter Helse Førde HF Sogndal Bup flere i Sogndal nå?
Lignende stillinger
Konstali Helsenor søker 1 helsefagarbeider med ALS-erfaring til nattvikariat på heltid i Vestland, fra 1. desember 2026.
Dignus Medical søker fastlegevikar på heltid til et legekontor på Vestlandet, 04.01.27–26.02.27, med reise og bolig inkludert.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til fast heltidsstilling i Anaesthesia Unit 1 i Aalborg.
Aalborg Universitetshospital Syd søker 1 anestesisykepleier til Anestesiafdeling 2, fast heltidsstilling i Aalborg.
Nordlys Vikar søker én lege til vikariat i voksenpsykiatrisk poliklinikk i Nordland, heltid 11.11.–31.12.2026.