Hopp til innhold
Nytt: prøv API og MCP gratis.Kom i gang

Pedagogisk leiar

Høyanger Kommune Olderdalen Barnehage · Høyanger, Vestland

FastHeltidOffentligUtdanning
Denne stillingen er ikke lenger aktiv. Se andre ledige stillinger eller Høyanger Kommune Olderdalen Barnehage.

AI-sammendrag

Om stillingen

Olderdalen barnehage søker pedagogisk leiar i 100 % fast stilling, med oppstart 01.01.27. Arbeidsoppgåvene omfattar leiing av barn og tilsette i barnehagen, ansvar for det pedagogiske arbeidet og samarbeid med føresette. Det blir lagt vekt på ei god arbeidstakar som kan jobbe sjølvstendig og målretta, skape gode relasjonar og vere fleksibel og samarbeidsvillig. Arbeidsstad er i Høyanger kommune. Godkjend politiattest må leverast før oppstart.

Om arbeidsgjevaren

Olderdalen barnehage er ein underenhet innan førskoleundervisning og drift av barnehagar, med 22 tilsette. Barnehagen ligg i Høyanger kommune og er ein del av det kommunale barnehagetilbodet, med trygt og godt barnehagemiljø som satsingsområde.

Søknad og frist

Søknadsfrist er 22. september 2026.

Om stillingen

Olderdalen barnehage har ledig 100 % stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.27.

Arbeidsoppgåver:

• Leie barn og tilsette i barnehage • Ansvar for det pedagogiske arbeidet • Samarbeid med føresette

Barnehagane i Høyanger kommune har trygt og godt barnehagemiljø som sitt satsingsområde.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.

Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:

• utdanning som barnehagelærar – eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk • kunne arbeide sjølvstendig og målretta • kunne skape gode relasjonar til born og vaksne • vere fleksibel og samarbeidsvillig

Kvifor søkje hos oss?

• Gode pensjons- og forsikringsordningar • Lønn etter tariff • Kompetansetillegg iht protokoll • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ

Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.

Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!

Kvifor Høyanger?

• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi • Eit rikt lag- og organisasjonsliv • Fokus på samskaping og samarbeid • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss i Olderdalen barnehage eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Kontakt Bodil S. Ringstad på telefon 90594855 og høyr hennar erfaringar.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.

Link til søknadsskjema: Søk her

Lignende stillinger

Fosterhjem og spesialiserte fosterhjem
Omsorgsgruppen AS · ØSTFOLD

Omsorgsgruppen AS i Østfold søker 5 fosterhjem og spesialiserte fosterhjem på heltid (engasjement) innen barneverntjenester.

EngasjementHeltid5 stillingerUtdanning
Vikariat barnehagelærer
Læringsverkstedet Ravneheia Barnehage AS · KRISTIANSAND, AGDER
VikariatDeltidUtdanning
Frist 30.10.2026