Universitetet i Bergen lyser ut 2 stipendiatstillinger på heltid ved European University Institute i Firenze, åremål på 3 år.
Ringevikar - lærar og assistent/SFO ved Tresfjord EnSpire skule
Tresfjord Enspire Skule · Vestnes, Møre Og Romsdal
AI-sammendrag
Om stillingen
Tresfjord EnSpire skule søker ringevikarar til bruk gjennom skuleåret, i eit vikariat på deltid uten fast stillingsprosent. Behovet varierer og oppstår i hovudsak ved fråvær blant dei faste tilsette. Arbeidsoppgåvene kan omfatte undervisning etter planar frå lærar, arbeid som assistent i klasse og mindre grupper, samt oppgåver på SFO før og/eller etter skuletid, for elevar på 1.-7. trinn. Det er ein fordel om ein kan stille på relativt kort varsel. Godkjent lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning er ein fordel ved undervisningsoppgåver, men ikkje eit krav — søkjarar utan slik utdanning kan vurderast for andre vikaroppgåver. Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskeleg. Politiattest må leggast fram før oppstart. Arbeidsstad er Vestnes kommune.
Om arbeidsgjevaren
Tresfjord EnSpire skule er ei underending innan ordinær grunnskoleundervisning, med 13 tilsette. Skulen skildrar seg sjølv som liten, med vekt på relasjonar, læring og trivsel.
Søknad og frist
Søknadsfrist er ikkje oppgitt i annonsen.
Annonsetekst
Vårt behov
Tresfjord EnSpire skule ønsker å knyte til seg ein eller fleire ringevikarar som kan stille opp ved behov gjennom skuleåret.
Behovet vil variere, og stillinga har derfor ikkje ein fast stillingsprosent. I enkelte periodar kan det vere behov for fleire vakter, medan det i andre periodar kan vere lite eller ingen arbeid. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til fråvær blant dei tilsette våre.
Vi ser etter deg som kan vere aktuell som vikar både i skuletida og på SFO. Arbeidsoppgåvene kan derfor variere mellom undervisning, arbeid som assistent og oppgåver knytt til SFO.
Det er ein fordel om du har moglegheit til å stille på relativt kort varsel.
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Som ringevikar hos oss kan arbeidsoppgåvene mellom anna vere å:
- gjennomføre undervisning etter planar frå lærar.
- følge opp og støtte elevar i undervisninga.
- bidra som assistent i klasse og mindre grupper.
- bidra til eit trygt, inkluderande og godt skulemiljø.
- delta i aktivitetar og praktiske oppgåver i skulekvardagen.
- arbeide på SFO før og/eller etter skuletid.
- samarbeide med lærarar, assistentar og andre tilsette.
Arbeidsoppgåvene vil variere ut frå skulen sitt behov og kompetansen til den som blir kalla inn.
Vi tilbyr
Som ringevikar hos oss vil du:
- bli ein del av eit engasjert og positivt personale.
- få støtte og rettleiing frå leiing og andre tilsette.
- få variert arbeid med barn frå 1.-7. trinn.
- jobbe på ein liten skule der relasjonar, læring og trivsel står sentralt.
- få lønns- og arbeidsvilkår i tråd med gjeldande avtalar og regelverk.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er trygg og omsorgsfull i møte med barn.
- er fleksibel, løysingsorientert og samarbeidsvillig.
- har eit positivt elevsyn og møter elevane med respekt og forståing.
- er ansvarsbevisst og påliteleg.
- kan ta initiativ og raskt sette deg inn i ulike arbeidsoppgåver.
- har gode norskkunnskapar.
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet.
Kvalifikasjonar
Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med barn og unge, skule, barnehage eller SFO, men dette er ikkje eit krav.
For arbeid som lærar er godkjent lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning ein fordel. Søkjarar utan lærarutdanning kan også vere aktuelle for andre vikaroppgåver ved skulen og på SFO.
Politiattest må leggast fram før oppstart.
Skriv gjerne litt om bakgrunnen din, kva type arbeid du er interessert i, og kor fleksibel du er når det gjeld tidspunkt og dagar.
Det er ikkje offentlege søkjarlister hos oss.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Kontakt
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med dagleg leiar/rektor Martin Melbø på post@tresfjordenspire.no eller telefon 991 08 442 (mobil).
Postadresse: Postboks 1, 6391 Tresfjord
Besøksadresse: Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord
Lignende stillinger
Nestwork, et bemanningsselskap, søker 3 barnehageassistenter til vikariat på deltid i Egersund, med fleksible arbeidstider.
Hvam videregående skole (Akershus fylkeskommune) i Nes søker lærer i naturbruk med realfag og teknologi, heltid, fast ansettelse.
Norskling i Oslo søker norsklærer med polskkompetanse til frilansoppdrag på deltid, undervisning via Zoom på hjemmekontor.
Omsorgsgruppen søker 5 beredskapshjem i Agder på heltid/engasjement for å gi barn og unge trygghet i akutte situasjoner.
Tomrefjord skule i Vestnes søker tilkallingsvikar til skole og SFO, vikariat på deltid.